Om Osterøy I.L. | Grasrotandel-nr: 975 682 447

Ny runde med Coronaløp med eigeninnmelding av resultat vinter 2020-2021

Våren 2020 vart fleire av mosjonsløpa gjennomført som "Coronaløp" med eigeninnmelding av resultat.  Så langt gjeld det Arkoconsult Brakvatnet vinterkarusell 7.11.  og 5.12.  Etter fleire ønskje vert det no høve til nye eigeninnmeldingar av resultat. 

Arkoconsult Brakvatnet vinterkarusell løp 1  7.11.2020 og løp 2  5.12.2020 er avlyst grunna COVID-19 restriksjonar.    I perioden 7.11.  - 7.12.2020 er det coronarestriksjonar for trening og arrangement i Bergen og nabokommuane.     Om restriksjonane vert forlenga må tida visa.

Løp som vert avlyste går som Coronaløp med eigeninnmelding av resultat.

Enkeltpersonar kan melda inn sine resultat.  Slike registreringar kan stimulera til å halda oppe treningsiver for både aktive og mindre aktive.  
Resultat kan sendast på mail eller sms til:  Vidar Simmenes  sms 91322643  eller mail    vidsimm@online.no 

Det vert lagt ut oppdateringar av resultat m.m. på websida i resultatfil.  På Facebook vil det og linkast til det som vert lagt ut.  Resultat vert lagt inn  uansett når du deltek. (du kan springa eller gå).   Du melder inn:  Løpsnavn og dato,  navn person, f. år og tid/resultat. evt. u.t.
 Det vert presisert å halda seg til nasjonale og lokale helsefaglege råd/forskrifter for trening og nærkontakt.

Ettersom det sume stader i landet har vore "konflikt" mellom joggarar og  "vanlege" turgåarar, vert det minna om å etterstreba  å unngå slike episodar.  
 
All registrering av resultat er gratis.   Har sett at det vert vippsa pengar for deltaking (Brakvatnet kr. 50 og Valestrandsmarka kr. 30) (vipps nr. 121337  TAKK FOR DET).

Løp det kan meldast inn er førebels Arkoconsult Brakvatnet vinterkarusell 2020-2021  1. løp november 2020 og 2. løp desember 2020    1 eller 2 rundar

Resultat m.m. for dei enkelte løpa vert lagt inn i eigne xl faner i  Arkoconsult Brakvatnet vinterkarusell      Arkoconsult Valestrandsmarka Rundt  26.12. og 31.12.2020

Registreringar  pr. 12.11.2020  (1 totalt)

(27.11.20)