arkivfoto sept 2024
MOVA OSTERØYTREAREN 5.5.2025 plakat 
PÅMELDING: Fyll ut google-skjemaet: https://forms.gle/m1kfc1V7y1pdvdU47
MOVA OSTERØYTREAREN er måndag 5. mai 2025 på Osterøy Stadion klokka 18-20.
Osterøy IL friidrettsgruppa inviterer løparar, gladtrimmarar, mosjonistar, supermosjonistar, fotballspelarar, handballspelarar, skiløparar, turnarar, skuleelevar, bedriftstrimmarar – kort sagt ALLE til å testa seg på den klassiske 3000 meter. Dette er eit LÅGTERSKELTILBOD for alle uansett nivå.
Det blir sjølvsagt også BARNELØP. Distansen er 600m. Treninga for dei yngste startar som vanleg 17.30, og så blir barneløpet avslutning for dei som har lyst til å vera med. Premie til alle deltakarane! Påmelding i klubbhuset.
Treningssenteret MOVA Osterøy er tittelsponsor og stiller med premiar både til barneløp og uttrekkspremiar på 3000m. Dei står elles for oppvarming, har med infostand og skapar generell god stemning!
Kvart heat er nivådelt med rundt 15-20 deltakarar. Det er difor viktig å oppgje tida du ønskjer å springa på i påmeldinga. Då får du springa med dei som er jamgode. Arrangøren set opp 2-4 fartshaldarar i kvart heat som kan hjelpa deg med å halda jamn fart og nå målet ditt.
Startkontingenten er 50 kroner, både for 3000m og barneløp. Påmeldingsfristen 3000m er søndag 4. mai. Påmelding til barneløpet er før start. Nøyaktig tidsskjema og heatfordeling blir offentleggjort tidleg på løpsdagen, men me byrjar med barneløpet klokka 18.15. Det beste 3000m-heatet går til slutt.
Det blir sjølvsagt kiosk, mykje heiing og god stemning under arrangementet. Spørsmål om løpet kan du senda til bjartevik30@hotmail.com eller telefon 45602908. Følg arrangementet på Facebook for fleire nyheiter fram mot 5. mai.