Håvard, Trygve og Jonas (foto MIL/ØØ)
Trygve Feidje Mjelde  eit historisk NM-gull for Osterøy i menn senior under NM terrengløp 3km på Bjerke travbane på tida 9.00.  Trygve gjorde eit taktisk geniløp og låg tett i rygg på Casper Fosser, med fleire VM-gull i orientering og NM-medaljar i terreng, på merittlista. Rett før oppløpssida drog Trygve seg forbi og Casper klarte aldri å svara. Ein såpass god løpar som Magnus Øyen klarte ikkje å hengja på. Jonas Skjerven kom inn 35 sek bak på 11. plass, medan Håvard Kleppe kom inn på 20. plass, 1,26 bak.
Eit NM-gull for senior heng høgt, så dette var utruleg moro! Gratulerer Trygve! (tekst:BV)