Valestrandsmarka Rundt

I år som i fjor vert det gratis sveler og saft til alle som møte opp, samt premier på startnummer 
I tillegg stiller AUTO NO AS med 3000kr i premie til fyrste dama under 15.10 og mann under 12.50.
 
Dato for løpa i 2024 (44. sesong):  19.4.3.5.,  10.5.,  24.5. , 14.6.,  5.7.,  9.8.,  23.8. og  6.9.     Tida i ”gåfeltet” vert registrert med 30 minutt eller meir. 
Påmelding og start Furubakken idrettsplass.  Starttider kl. 1845 og 19.00. Startpengar kr. 30,-
 
Juleløp 26.12. og Nyttårsløp 31.12.   start kl. 12.00 -og 31.12. start kl. 14.00
Påmelding ved start. Startpengar kr. 30,-. (ikkje lisenspliktig Osterøy IL/friidrett vipps  121337
 

Link til den gamle heimesida med tidlegare resultat og oppslag

    VALESTRANDSMARKA RUNDT   
I 1979 gjekk det første løpet. Løypa var litt lenger då. Det vart sprunge ned Vardalen og opp til Furubakken. I 1980 vart noverande løypa teke i bruk. Etter 2 prøveår vart det frå 81 registrert «offisielle» tider. Løypa er 4.400 m lang. (kontrollmålt).  Ved endringar i baneområdet m.m. vert også starten justert slik at løypelengda på 4400m er uendra.  Dette var m.a. også gjort etter at det vart lagt nytt kunstgras og sett opp gjerde rundt bana i april 2023.  Vegen ned til hovedvegen er også flytta litt i april 2023.

Det vert arrangert 9-13 løp pr år. I desse løpa vert det registrert tider og persar, beste tid etter alder og sum løp alle år. Til dei som er med på mange løp er det utmerking for 10, 25, 50, 100, 150, 200, 250, 300 og 400 løp.

I tillegg vert det arrangert juleløp og nyttårsløp der det ikkje vert registrert offisielle tider/persar. (jaktløp vart arrangert t.o.m. 2005).

Valestrandsmarka rundt er ikkje berre for dei som har det travelt. Dei siste åra har omlag halvparten vore gåande som tek det meir med ro og nyt turen. Gåande startar 15 minutt før «hovedfeltet» og får difor med seg det meste som skjer i løpet.

Det er registrert 32732 resultat i perioden  1.1.1981 til 31.12.2023.  Totalt har det vore 581 løp med jakt, jule og nyttårsløp.  1192 menn og 984 kvinner = sum 2176 personar har vore med på løpa utanom jul- og nyttårsløp). Er det feil eller andre spørsmål til det som er lista,  kan dette meldast til: Vidar Simmenes tlf. 91322643vidsimm@online.no

Utvikling startpengar for Valestrandsmarka rundt.  1981-1987(7år) kr. 3,-     1988-1997(10år) kr. 5,-    1998-2010(13år) kr. 10,-   2011-2015(5år)  kr. 20,-    2016-2024(9år)  kr. 30,-

Sidan 1990 har det vore gjort mykje med forbetring/bygging av nye vegar/stiar i området Reigstad, Åsen og Brakvatnet. Det er innsatsen til Kåre Birkeland, grunneigarane saman med gåver frå folk i området å takka at vi har fine vegar i desse områda. Karl J Reigstad grov og grusa gangveg frå Åsen til Vardalen i 1997 slik at det vart ei samanhengande løype rundt Brakvatnet på 2.6 km.

Seinare har Karl J Reigstad, Helge Reigstad og Yngve Aarhus med fleire gjort ein stor innsats med oppgradering og vedlikehald på turvegane i  store delar  rundt Brakvatnet/Reigstad.   Innsamlingsløp og gåver i tillegg til dugnad med turvegprosjektet har gjort dette til ein fin turveg som mange har gleda av.

Dette har gjort det mogleg å arrangera ulike løp rundt Brakvatnet.

 

Bestetider etter alder 1981-2023 pr. 15.9.

  GUTAR    6 ÅR         
2347 Sjur Hevrøy 1979 1985
  GUTAR    7 ÅR         
2118 Stein Inge Kvernhusvik 1978 1985
  GUTAR    8 ÅR         
1941 Henrik Lillejord 1976 1984
  GUTAR    9 ÅR         
1838 Gjert Brandsdal 1975 1984
  GUTAR   10 ÅR         
1724 Helge Brandsdal 1971 1981
  GUTAR   11 ÅR         
1642 Helge Brandsdal 1971 1982
  GUTAR   12 ÅR         
1630 Helge Brandsdal 1971 1983
  GUTAR   13 ÅR         
1539 Helge Brandsdal 1971 1984
  GUTAR   14 ÅR         
1613 Håkon Bru Reigstad 2001 2015
  GUTAR   15 ÅR         
1520 Rune Strømsnes 1971 1986
  GUTAR   16 ÅR      
1446 Dagfinn Gjerstad 2006 2022
  GUTAR   17 ÅR      
1411 Magnus Gjerstad 2000 2017
  GUTAR   18 ÅR      
1433 Rune Strømsnes 1971 1989
  GUTAR   19 ÅR      
1429 Bjarte Vik  1969 1988
  GUTAR   20-24 ÅR       
1339 Johannes Rossvold 1966 1988
  GUTAR   25-29 ÅR       
1303 Trygve Feidje Mjelde 1994 2023
  GUTAR   30-34 ÅR       
1342 Bjarte Vik  1969 1999
  GUTAR   35-39 ÅR       
1324 Bjarte  Vik 1969 2004
  GUTAR   40-44 ÅR      
1417 Bjarte Vik 1969 2010
  GUTAR   45-49 ÅR       
1423 Harald Simmenes 1950 1998
  GUTAR   50-54 ÅR       
1447 Harald Simmenes 1950 2000
  GUTAR   55-59 ÅR       
1531 Harald Simmenes 1950 2006
  GUTAR   60-64 ÅR      
1609 Ove Bernes 1952 2014
  GUTAR   65-69 ÅR       
1730 Ove Bernes 1952 2019
  GUTAR   70-74 ÅR       
1825 Ove Bernes Bernes 1952 2022
  GUTAR   75-79 ÅR       
2059 John Bernes 1944 2019
  GUTAR   80-84 ÅR      
2649 Nils Valestrand 1911 1991
  GUTAR   85-89 ÅR      
4900 Nils Valestrand 1911 1996
  JENTER  -6 ÅR      
2809 Kari Simmenes 1983 1989
  JENTER   7 ÅR      
2523 Kari Grinde 1977 1984
  JENTER   8 ÅR        
2007 Ida M Hanstveit 1987 1995
  JENTER   9 ÅR      
1959 Ida M Hanstveit 1987 1996
  JENTER  10 ÅR         
2016 Ida M Hanstveit 1987 1997
  JENTER  11 ÅR        
1925 Ingvild Mjelde 1973 1984
  JENTER  12 ÅR        
1845 Siw Heidi Reigstad 1972 1984
  JENTER  13 ÅR        
1803 Marie Mostraum 2004 2017
  JENTER  14 ÅR         
1803 Marie Mostraum 2004 2018
  JENTER  15 ÅR        
1858 Sigrid Bru Reigstad 1999 2014
  JENTER  16 ÅR       
1841 Irene Stamneshagen 1966 1982
  JENTER  17 ÅR       
1821 Lillian H Reigstad 1981 1998
  JENTER  18 ÅR       
1924 Lillian H Reigstad 1981 1999
  JENTER  19 ÅR       
1930 Marie Mostraum 2004 2023
  JENTER  20-24 ÅR      
1630 Hilde Aasheim 1984 2008
  JENTER  25-29 ÅR      
1524 Hilde Aasheim 1984 2012
  JENTER  30-34 ÅR      
1543 Brit-Helen Simmenes 1975 2008
  JENTER  35-39 ÅR      
1543 Brit-Helen Simmenes 1975 2010
  JENTER  40-44 ÅR       
1557 Irene Gulli 1957 1998
  JENTER  45-49 ÅR       
1715 Bente R Midtun 1958 2005
  JENTER  50-54 ÅR      
1736 Bente R Midtun 1958 2010
  JENTER  55-59 ÅR      
2258 Randi Kleppe 1949 2005
  JENTER  60-64 ÅR      
2418 Randi Loftås 1927 1988
  JENTER  65-69 ÅR      
2431 Randi Kleppe 1949 2014
  JENTER  70-74 ÅR       
2933 Randi Kleppe 1949 2019
  JENTER  75-79 ÅR       
3456 Magnhild Strømsnes 1932 2010
  JENTER  80-84 ÅR       
4000 Magnhild Strømsnes 1932 2012
  JENTER  90-94 ÅR       
5404 Magnhild Strømsnes 1932 2023
 

Sponsorar

Hovedsponsorer