Årsmøte og årsfest i friidrettsgruppa laurdag 19. mars 2021

 Årsmelding 2021  pdf   word    Årsmøteval 19.3.2022     Litt oppsummering av 2021 sesongen  

Trygve Feidje Mjelde vann den gjeve prisen som Årets utøvar, medan Mirjam Mjelde og Aslak Monstad fekk stimulanseprisar. Premiane var joggesko frå MX Sport i Lonevåg. Her kjem ei oppsummering av årsfesten.

1000-POENGNÅL
Aller først delte Karl Johan Reigstad ut 1000-poengnåler til dei av våre unge utøvarar (19 år og yngre) som oppnådde over 1000 poeng etter Tyrvingtabellen. Klarar du det, er du mellom dei aller beste i din årsklasse i landet. I 2021 var Nora Bergan, Vegard Trefall, Magnus Reigstad og Dagfinn Gjerstad over 1000 poeng i til saman 13 øvingar. I 2020 var det berre Magnus som fekk nåla, så dette vitnar om storveges framgang.
STØRSTE POENGSKÅRARAR
Dei største poengskårarane i lagseriane fekk Craft-klede i vår flotte Osterøy-kolleksjon. Her er vinnarane:
Kvinner veteran: Helga Reigstad 3118 poeng, 7 resultat.
Menn veteran: John Bernes 5404 poeng, 8 resultat
Jenter: Nora Bergan 4148 poeng, 4 resultat.
Gutar: Magnus Reigstad 7711 poeng, 8 resultat.
Kvinner senior: Nora Bergan 3025 poeng, 4 resultat.
Menn senior: Magnus Reigstad 3706 poeng, 5 resultat.
Friidrettsgruppa har ein god gjeng svært interesserte sponsorar. Slik vart Nora og Magnus presenterte ved sponsormiddagen i fjor haust:
Ģ17 år gamle Nora Bergan er årets kvinnelege løpskomet på Osterøy. Tidleg i vår kom ho på si første friidrettstrening og sjokkerte gutane med å springa frå dei på oppvarminga og ho har halde fram med å sjokkera dei med gode resultat. Nora tok bronse på 3000m i junior-NM og sølv i Ungdomsmesterskapet på 3000m og 800m. På 800m var ho berre 1 hundredel frå gullet. I sin første sesong kvalifiserte Nora seg til senior-NM, og Nora siktar seg inn på internasjonale juniormesterskap i åra som kjem. Ho tok sølv i NM terreng i Bergen i haust, men ein skade hindra ho i å vera med i uttaksløpet til Nordisk mesterskap i terreng, der ho rimeleg sikkert hadde kvalifisert seg. Nora var på si første juniorlandslagssamling i Oslo nettopp, og er veldig treningsvillig og seriøs i satsinga.ģ
ĢMagnus Reigstad er 18 år, sprintar og lengdehoppar. Han toppa sesongen med å slå klubbrekord til Magnus Borge frå 1974 i lengde og har hoppa 7 m og 14 cm. Å bryta 7 metersgrensa er stort. Det er berre å måla opp og prøva! Magnus tok sølv i lengde i junior-NM og bronse i Ungdomsmesterskapet. Han hadde ein gyllen mulighet til å ta medalje i senior-NM i Kristiansand også, men då klaffa det ikkje heilt. Magnus kan bli god i det meste, 400m og 800m kan vera aktuelt med tida, og det blir spennande å følgja utviklinga hans. Ein seriøst satsande ungdom!ģ
SENIOR LAGSREKORDAR
Lagsrekordar for senior blir løna med 1 krone pr. poeng etter serietabellen. Her er dei som fekk pengar på konto etter 2021-sesongen:
1500m 3.46,98 Trygve Feidje Mjelde (898 p). Forbetra frå eigen 3.52.95 i 2016.
Lengde 7.14 Magnus Reigstad (857 p). Den gamle rekorden hadde Magnus Borge med 6.92 i 1974.
2000m 5.31,79 Dagfinn Gjerstad (stipulert til 791 p) (gav bronse i UM)
Engelsk Mile 4.59,6 Nora Bergan (stipulert til 725 p) (ikkje offisiell lags- og kretsrekord pga tidtakingkrøll)
STIMULANSEPRISEN:
Stimulanseprisen går til ein eller to som er ivrig med treningsoppmøte, deltek flittig i konkurransar og bidreg positivt til miljøet. Me hadde mange gode kandidatar i alle aldrar, men har funne to verdige vinnarar. Dette er ein pris du berre kan vinna ein gong.
Kvinner: Mirjam Mjelde. Årets vinnar er svært treningsvillig, møter fast på dei aller fleste fellestreningar og yter alltid sitt beste på trening. Ho må finna seg i å trena med veldig mange svette mannfolk, og det taklar ho aldeles strålande. Sidan ho begynte med friidrett har ho hatt jamn framgang nærmast konkurranse for konkurranse. Ho meistrar dei fleste distansar, og i 2021 persa ho på det meste sjølv om ho har blitt over 50 år.
Menn: Aslak Monstad. Årets prisvinnar er også ein som møter jamt og trutt på fellestreningar. Han har utvikla seg mykje i løpet av 2021, og blitt raskare og sterkare. Han er allsidig og villig til å prøva mange øvingar. Han har resultat i heile 12 øvingar, og det er berre Eirik Reigstad med 13 øvingar som hadde fleire i 2021.
Me legg til korleis Aslak vart presentert på sponsormiddagen: ĢAslak Monstad er 17 år. Han begynte som langdistanseløpar, men har konvertert meir og meir til sprint. I ungdomsmesterskapet stilte han likevel i den tøffaste øvinga: 2000m hinder. Han hadde praktisk talt berre sprunge over 1 hinder før stevnet og det var over vassgrava kvelden før og det utan å bli våt på piggskoa. For både oss trenarar og klubbkameratar var det utruleg artig at Aslak tok bronse på distansen etter eit spennande løp. Aslak har vore ein svært viktig treningspartner for Magnus Reigstad utan Aslak hadde det blitt litt mindre kjekt for Magnus på trening. Heldigvis har me nokre nye sprintungdomar på gang, så dette er eit miljø i vekst.ģ
ÅRETS UTØVAR 2021
Årets utøvar er ein pris som heng svært høgt. Det er ikkje lett, og skal ikkje vera lett å vinna denne kåringa. Første gongen prisen vart utdelt var i 1990. Slik vart Årets utøvar avslørt på årsfesten:
Årets Utøvar sesongen 2021 går til ein som har vore med i mange år, trass i ein relativt ung alder. Han kan stå som eit forbilde for dei unge framstormande utøvarane. Han har vist at ein kan oppnå svært gode resultat viss ein berre er tolmodig, jobbar seg gjennom år med stagnasjon, trenar godt og satsar på friidrett i mange år. Vedkomande var ikkje rekna som noko ekstremtalent i heilt unge år, han var ikkje ei barnestjerne. Han begynte på friidrettstrening som 13-åring, og dreiv friidrett ved sida av fotball i fleire år. Han klarte knapt å kvalifisera seg til UM som 16-åring. Det var fleire på same alder i Osterøy som presterte betre enn han.
Men som det står i jubileumsboka som kom ut i 2018: ĢDet var noko med den hengslete guten som peika framover mot ein god og lang seniorkarriere. Framgangen kom ikkje gratis, og han såg ut til å vera driven av indre motivasjon.ģ
Årets utøvar er Trygve Feidje Mjelde!
Litt om sesongen 2021: «Trygve var vår beste senior i 2021. Med 3.46,98 sette han ein solid ny lagsrekord på 1500m. Han kvalifiserte seg til finalen og vart her nr. 9 under Hovud-NM i Kristiansand. Trygve sette også solide personlege rekordar på 3000m med 8.15,12 og på 5000m med 14.26,85. Her er han nr. 2 på lagsstatistikken gjennom tidene. Under NM terrengløp i Bergen fekk Trygve ein svært gledeleg og sterk 5. plass.ģ
AVSLUTNING
Til slutt vart det trekt ei Osterøy t-skjorte mellom dei frammøtte som ikkje vart tildelt premie i denne omgang. Torstein Leiren Mastervik vann, og det passar fint, sida han i år konkurrerer for Osterøy IL. Me må heller ikkje gløyma å nemna at Arne Reigstad, Trygve Feidje Mjelde og Bjarte Vik vann friidrettsquizen og at premien var Bamsemums.
Stor takk til alle aktive, trenarar, styret, arrangørar, dugnadsfolk, publikum og sponsorar som gjorde sitt til at 2021 vart ein svært god sesong for oss. No gler me oss til sesongen 2022 for alvor startar. fyldig tekst frå årsfesten.

Tekst: Bjarte Vik

Foto: Herdis Helle, Bjarte Vi