I Osterøy idrottslag er alle personlege medlemmer. Ved å betala medlemspengar er ein automatisk medlem i alle gruppene i laget. Satsane for medlemspengar vert fastsett av årsmøtet i Osterøy IL kvart år.
Informasjonsfaldar for 2023 med utfyllande opplysningar om idrettslaget er å finna om du trykkjer her.
I Osterøy idrottslag er alle personlege medlemmar. Ved å betala medlemspengar er ein automatisk medlem i alle gruppene i laget. Satsane for medlemspengar vert fastsett av årsmøtet i Osterøy IL kvart år.
Årsmøtet i mars 2022 gjorde følgjande vedtak om medlemspengar for 2023: (på årsmøtet 21.3.2023 vart det vedteke at medlemspengane for 2024 er uendra).
Etter betalingsfrist for 2.gongs purring vert det gjeve melding til aktuelt gruppestyre om at vedkommande ikkje lenger kan delta i aktivitet i regi av Osterøy IL. Skulle nokon ha vanskar med betaling ber me at de tek kontakt med oss på post@osteroyil.no for å finna ei betalingsordning.
Alle som deltek på treningar og konkurransar for Osterøy IL (stemne, stafettar, renn og kampar) skal vera medlemmar. Medlemmane sjølve (eller dei føresette) må gje melding via e-post til post@osteroyil.no dersom ein ikkje ønskjer å stå som medlem. Ein vert ikkje automatisk meldt ut om ein berre sluttar med ein aktivitet.
Inn-/utmelding skjer primært via denne lenkja: https://medlemskap.nif.no/25520
Det vert arbeidd kontinuerleg med å halda medlemsregisteret så oppdatert som råd er. Me tek gjerne imot endringar/rettingar på post@osteroyil.no når det gjeld namn, adresse, fødselsdato, telefonnummer og e-postadresse for medlemmane. Du kan melda deg ut ved å senda varsel til same e-postadressa eller via lenkja over (merk at eventuelle uteståande krav må vera gjort opp).
Som i fjor blir medlemspengar fakturert via Idrettsforbundet, slik at alle medlemmar i Osterøy IL i år vil motta kravet derifrå og betalinga går via buypass og deretter til idrettslaget. Det er ikkje til å unngå at det kan vera eit etterslep i rapportering/registrering av medlemmar frå gruppene. Styret seier seg leie for om krav vert sende til ”feile” personar.