Mova Osterøy er på plass og sikar god oppvarming
PÅMELDING: Fyll ut google-skjemaet: https://forms.gle/RwDGiqGw5wEXaUUD6
MOVA OSTERØYTREAREN er måndag 9. september 2024 på Osterøy Stadion klokka 18-20.
Osterøy IL inviterer gladtrimmarar, mosjonistar, supermosjonistar, løparar, fotballspelarar, handballspelarar, skiløparar, turnarar, skuleelevar, bedriftstrimmarar – kort sagt ALLE til å testa seg på den klassiske 3000 meter. Dette er eit LÅGTERSKELTILBOD for alle uansett nivå.
Det blir sjølvsagt også gratis BARNELØP på 600 m.  Barneløpet gratis.  Treninga for dei yngste startar som vanleg 17.30, og så blir barneløpet avslutning for dei som har lyst til å vera med. Premie til alle deltakarane! Påmelding i klubbhuset.
Ny tittelsponsor: https://www.facebook.com/movaosteroy
Treningssenteret MOVA Osterøy er ny sponsor og stiller med premiar både til barneløp og uttrekkspremiar på 3000m. Dei står elles for oppvarming, har med infostand og skapar generell god stemning!
Kvart heat er nivådelt med rundt 15-20 deltakarar. Det er difor viktig å oppgje tida du ønskjer å springa på i påmeldinga. Då får du springa med dei som er jamgode. Arrangøren set opp 2-3 fartshaldarar i kvart heat som kan hjelpa deg med å halda jamn fart.
Startkontingenten er 50 kroner.  Påmeldingsfristen er søndag 8. september. Nøyaktig tidsskjema og heatfordeling blir offentleggjort tidleg på løpsdagen, men me byrjar med barneløpet klokka 18.15. Det beste 3000m-heatet går til slutt.
Det blir sjølvsagt kiosk, mykje heiing og god stemning under arrangementet. Spørsmål om løpet kan du senda til bjartevik30@hotmail.com eller telefon 45602908. Følg arrangementet på Facebook for fleire nyheiter fram mot 9. september.