Om Osterøy I.L. | Grasrotandel-nr: 975 682 447

Husk MX SPORT OSTERØYTREAREN torsdag 2. juni 2022 på Osterøy Stadion klokka 18-20.

arkivfoto Osterøytrearen september 2021

PÅMELDING:   https://forms.gle/TErZmGxNuWVzKqYf7


Årets første MX SPORT OSTERØYTREAREN er torsdag 2. juni 2022 på Osterøy Stadion klokka 18-20.    plakat-word   plakat-pdf       Osterøytrearen september 2021


Osterøy IL inviterer løparar, gladtrimmarar, mosjonistar, supermosjonistar, fotballspelarar, handballspelarar, skiløparar, turnarar, skuleelevar, bedriftstrimmarar – kort sagt ALLE til å testa seg på den klassiske 3000 meteren. Me følgjer opp suksessen frå tidlegare års folkefest med fartshaldarar, mykje heiing og meistringskjensle. Dette er eit LÅGTERSKELTILBOD.


Det blir nivådelte heat med rundt 15 deltakarar. Det er difor viktig å oppgje tida du ønskjer å springa på. Då får du springa med dei som er jamgode. Arrangøren set opp 2-3 fartshaldarar som kan hjelpa deg med å halda jamn fart.

Startkontingenten er 50 kroner.   Vipps 121337

Påmeldingsfristen er onsdag 1. juni klokka 23.59. Nøyaktig tidsskjema og heatfordeling blir offentleggjort tidleg på løpsdagen, men me byrjar med barneløpet klokka 18.15. Det beste 3000m-heatet kjem til slutt. For påmelding til barneløpet: Skriv "Barneløpet" under "Di måltid på 3000m" i påmeldingsskjemaet. Ungane kan også melda seg på ved start.

Spørsmål om løpet kan du senda til bjartevik30@hotmail.com eller telefon 45602908.

Det er ikkje berre «proffane» som kan springa på kunstdekket. Bli med og skap liv på Osterøy Stadion

arkivfoto barneløpet september 2021

(09.05.22)