Om Osterøy I.L. | Grasrotandel-nr: 975 682 447

Junior NM Friidrett Kristiansand 14. - 16. august 2020

Jonas Lillejord og Magnus Gjerstad. (foto:BV). Gullguten Magnus 14,10,07 og nok ei forbetring av eigen lagsrekord på 5000m. Jonas forbetra også persen sin på 5000m til 15,57,70

Resultatlink    Arrangørlink

Bjarte Vik, Magnus Gjerstad og Jonas Lillejord. (foto: frå BV).   Bjarte sine langdistanserekordar har denne sesongen fått hard medfart av Magnus.  Jonas som er "ny"  på baneløp er alt langt oppe på Osterøy sin 5000m statistikk gjennom alle tider. 17 personar under 16 minutt på 5000m)

Bjarte skriv om bragda og innsatsen i Kristiansand:

16. august 2020 vart ein stor dag for Osterøy-friidretten med eit fantastisk Junior-NM gull på 5000m for Magnus Gjerstad. Nivået i norsk langdistanseløp er svært høgt for tida, så dette er ein prestasjon for historiebøkene. Med tida 14.10,07 forbetra Magnus sin eigen lagsrekord i Osterøy IL med åtte sekund. Han er no beste ostring gjennom tidene på 5000m – uansett klubb. Det er berre fem sekund ned til juniorkretsrekorden (U21). Flott også av Jonas Lillejord som med 15.57,70 var under 16 minutt for første gong. Det er under eit år sidan Jonas sprang sitt første baneløp - Osterøytrearen på Hatland. No er han med i NM og pila peikar oppover. Me håpar dette inspirerer fleire.

Kudos til veteranane i Team Batti som har gitt desse to karane - og dei litt yngre og svært ivrige ungdomane våre - mykje god matching på trening og konkurransar, og som har påverka dei positivt til å bli hekta på springing.

Å satsa på idrett kostar flesk, så difor ein stor takk til våre gode sponsorar. De står for skikkeleg Osterøy-kvalitet, og me er stolte av å ha kvar og ein av dykk på laget.
#Lerøy #Arkoconsult #Lobas #craft #craftnorge #mjelstadogstokke #Norgeshusmjeldebygg #rema1000lonevåg #htb #mxsportosterøy #nr1fitnessosterøy #xlbygg_osterøy #vevlemek #solbergmekverksted #thunestvedt #osterøyilfriidrett #bilextra

 

Jonas Lillejord og Magnus Gjerstad ventar på 5000m start U23  (foto:BV)

  

(16.08.20)