Om Osterøy I.L. | Grasrotandel-nr: 975 682 447

Rehabilitering av Osterøy stadion i 2020

30.5. Arne Reigstad i si 2. økt idag.  Arne  ligg også på 2. plass i dugnad.

Frå 2. Juni vil det venteleg pågå entreprenørarbeid ulike stader på bana.  Det medfører at all ferdsel i område innanfor gjerde vert avstengd for andre enn entreprenør og dugnadsarbeid. Det gjeld også trening. Denne avstenginga er forventa å vara i ca 2 veker.  Det vil og verta fleire avstengingar i tida som kjem inntil rehabiliteringa er forventa avslutta i august.

Komande dugnader er transport sand og legging av stein.  klipping av fiberduk.  Ønskjer du å gjera ein innsats ta kontakt til VS på 91322643

Ingen organisert dugnad 1. og 2. pinsedag.

tysdag 2. juni kl. 1000: Vidar   kl. 1700: Vidar

Tysdag 2. juni vil det venteleg dukka opp entreprenør som  m.a. skal gå laus på området mellom hoppgropene.  Dugnadsarbeidet med legging av belegningsstein m.m. vil pågå fortløpande til tidspunkt som kjem opp på denne sida.

 29.5. utplassering av belegningsstein. Per Ole Mostrøm ivrig i dugnadssarbeidet.

Belegningsstein langs stav og hødesida

 26.5. Gjennomgang av rehabiliteringsprosjektet og framdrift.

Komande dugnader vert:

kompresjon av grus,  

fordeling av grus der det er for mykje eller for lite,

utplassering av belegningsstein

utlegging av settesand

klipping av fiberduk

legging av belegningsstein

fylling av masse på grassida av belegningsstein

fylling av fugesand

Prosjektet er på over 2,6 mill kroner. Prosjektet vert over tid finansiert av Tippemidlar, Dugnad og Kommunalt tilskot. Sjølv om dette er eit sentralidrettsanlegg, har Osterøy IL vedteke å gjennomføra rehabiliprosjektet med betydleg dugnadsinnsats og eigne midlar.

Kunstoffdekket vart lagt i 2004.  Slike anlegg vil alt etter slitasje m.m. måtta gjennomgå ei rehabilitering omlag kvar 15 år.  I planleggingsfasen var det alternativ for rehabilitering og oppgradering til omlag 3,6 million og eit alternativ med berre rehabilitering til vel 2,6 million kroner. 

Osterøy IL har vedteke å gå for berre rehabilitering.

Tippemiddelprosjektet med kontakten til Osterøy kommune har i hovedsak Ann Christin Reigstad og Terje Simmenes stått for. Det same gjeld inngåing av større entepriser. Når det gjeld dugnadsdelen og framdrifta vert den sålangt styrt av Vidar Simmenes (dugnadslkoordinator), Tore Langeland, Arne Reigstad og Terje Simmenes.

 I periodar trengst det dugnadsinnsats. I samband med dugnadsarbeid må vi også følgja dei nasjonale Coronareglane.

Litt om arbeid som er utført sålangt  (dugnadsarbeid med løpebane og kastsektorar utført i frå april til  30. mai  er 235 timar fordelt på 21 perspnar. I tillegg kjem gravemaskinarbeid og arbeid med grasbane.

30.5. Legging av  122 stein m.a. ved lengdegrop ved mål og bortre langdside (totalt 584)

29.5.  Utplassering av stein og transort grus.  Legging av 86 steinar (m.a. ved lengdegrop lengst borte  og bortre langside. (totalt 462).  Idag er også levert meir grus og settesand frå Eikefet. Vidare også levert sand til grasbana. Grasbana 1. slått.

Det er også levert meir grus og settesand frå Eikefet. Vidare også levert sand til grasbana. Grasbana 1. slått. og vatning av grasbana.

28.5.   Det er lgt 110 steinar.  Pallar og anna avfall kjørt til BIR på Hauge

27.5.   Det er lagt ned 140 steinar

26.5. Det er lagt ned 126 steinar

26.5. Prosjektstyringsmøte med gjennomgang av framdrift m.m.

25.5.  70 m grøftegrus komprimert.  Testlegging av nokre belegningssteinar

21.5. Imponerande innsats 250 meter med grøft fyldt med grus. 7 personar var med.

19.5.  130 meter med grøft fyldt med grus. 7 personar var med.

14.5.  40m med grøft ved høgdeområdet fyldt med sand. Dette var og metodetest. Jobben utført på 2 timar av Vidar og Arne.

14.5. Fiberduk vart levert

4.5.  13 tonn settesand levert i kulesektor.  Vanndyse ved sleggebur frigjort og klargjort for rørleggarsjekk av vannledningskobling.

29.4.  Etterfylling av sand (1 tonn) til lengdegropene. 1 lass med masse frå slegge/diskosbur kjørt bort.

28.4.  Bortkjøring rest avskrapt masse i kulesektor. Avskraping i diskos/sleggebur og samla masser i dungar

24.4.   Belegningsstein og fugesand levert,  2 vanndyses tilkobla, 1 lass masse kjørt bort, avskraping av mose m.m. i kule felt, 1 lass mose/sand kjørt bort. 

23.4. . Det er levert 26.3. tonn  grus. Grave 116 m grøft kulesektor og spydtilløp.  Rensking grøft. Opplasting 1 lass masse

22.4.  4 lass bortkjøring. graving i kulesektor. Grøfterensing. 

21.4.  2 vanndyser på midtbana retta opp.

20.4. Grave 90 m grøft. 2 lass masse kjørt bort.  

18.4. Ca 160 m grøft grave og renska.  Det er kjørt bort 2 traktorlass med masse. 

17.4. Graving av 120m.  I tillegg til graving med maskin vert det ein god del manuelt arbeid med rensking av gravegropa m.m.

Mai: Der det vert lagt belegningsstein skal det leggast duk, grus og settesand før belegnigsstein vert lagt.  Her vil det verta behov for betydleg dugnadsinnsats.

2. Juni: Eigen entreprise i utviding av område mellom lengde og tresteggrop.  Det medfører at all ferdsel i område innanfor gjerde vert avstengd for andre enn entreprenør og dugnadsarbeid. Det gjeld også trening. Denne avstenginga er forventa å vara i ca 2 veker.  Det vill og verta fleire avstengingar i juli og august.

Juni:  Flytting av stav og høgdehus til kulesektor. Også madrasser m.m. skal flyttast

Juli?:  Eigen kunstoffenteprise

August: Tilbakeføring av stav og høgdehus

August:  Montering av banesarg

Det er også ein del andre mindre dugnadsarbeid som ikkje er lista opp her m.a. Vatnningsdyser grasbana. Avdekking senterpunka.   Når det gjeld dugnadsinnsats vil det verta såvel på dagtid som kveldstid. " Mobilisering" av dugnadspersonell vil verta av enkeltpersonar og treningsgrupper. 

21.5.  Lessing av grus gjekk fort unna trass i manglande trening med snømåking i vinter.

Det vil koma ny llink med foto frå rehabiliteringsarbeidet.

(30.05.20)