Om Osterøy I.L. |Grasrotandel-nr: 975 682 447Innlogging intranett

Lov

Lov for Osterøy Idrottslag

Lov for Osterøy Idrottslag, skipa 15. februar 1918

Lova i pdf-format kan lastast ned her

 

LOV FOR OSTERØY IDROTTSLAG

(Basert på lovnorm vedteken av Idrettsstyret 28. november 2011)

 

Lov for Osterøy idrottslag[1], skipa 15 februar 1918, med seinare endringar, seinast av 12. mars 2013,  godkjend av Hordaland idrettskrets.

I. INNLEIANDE REGLAR

§ 1 Formål

(1) Idrettslaget sitt formål er å drive idrett organisert i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF).

(2) Arbeidet skal pregast av frivilligheit, demokrati, lojalitet og likeverd. All idrettsleg aktivitet skal byggje på grunnverdiar som idrettsglede, fellesskap, helse og ærlegdom.

 

§ 2 Organisasjon

(1) Idrettslaget er sjølveigande og frittståande med berre personlege medlemer.[2]

(2) Idrettslaget er medlem av det/dei særforbund som laget sitt årsmøte bestemmer.[3]

(3) Idrettslaget er medlem av NIF gjennom Hordaland idrettskrets, høyrer heime i Osterøy kommune, og er medlem av Osterøy idrettsråd[4].

(4) Idrettslaget skal følgje NIF og tilslutta organisasjonsledd sitt regelverk og vedtak. NIF-lova gjeld for idrettslaget uavhengig av kva som måtte stå i idrettslaget si eiga lov.

 

§ 3 Medlemer

(1) Alle som aksepterer idrettslaget og overordna organisasjonsledd sine lover og vedtak kan bli tatt opp som medlem. Ein søkjar kan ikkje bli medlem utan at økonomiske plikter til idrettslaget og andre organisasjonsledd i NIF er gjort opp.

(2) Medlemskap kan nektast ved særlege høve. Idrettslaget si avgjerd kan klagast til idrettskretsen. Klagefristen er 3 veker etter at vedtaket er motteke. Idrettskretsen si avgjerd kan klagast til Idrettsstyret innan 3 veker etter at rekommandert melding er motteken.

(3) Medlemskap i idrettslaget er først gyldig og vert rekna frå den dag første kontingent er betalt.

(4) Medlemen pliktar å rette seg etter NIF, tilslutta organisasjonsledd og idrettslaget sitt regelverk og vedtak.

(5) Utmelding skal skje skriftleg og får verknad når den er motteken.

(6) Idrettslaget kan ta medlemskap frå medlem som etter purring ikkje betalar fastsett medlemskontingent. Medlem som skuldar kontingent for to år taper automatisk sitt medlemskap i idrettslaget og skal strykast frå idrettslaget si medlemsliste. Medlem som har tapt sin medlemskap kan ikkje takast opp att før skuldig kontingent er betalt.

(7) Idrettslaget skal føre medlemslister.

(8) Idrettslaget pliktar å føre elektroniske medlemslister i idretten sitt nasjonale medlemsregister i tråd med forskrift gitt av Idrettsstyret.[5]

 

§ 4 Medlemskontingent og avgifter

Medlemskontingenten vert fastsett av årsmøtet. Andre avgifter/eigendelar kan krevjast for deltaking i idrettslaget sine aktivitetstilbod.

 

II. TILLITSVALDE OG TILSETTE

§ 5 Kjønnsfordeling

(1) Ved val/oppnemning av representantar til årsmøte/ting, samt medlemer til styre, råd og utval mv. i idrettslaget, skal det veljast personar frå begge kjønn.

(2) Samansetjinga skal samsvare i høve til kjønnsfordelinga i medlemsmassen, likevel slik at det skal vere minst to personar frå kvart kjønn der det vert valt eller oppnemnt meir enn 3 personar. Der det blir valt eller oppnemnt 3 personar eller færre, skal begge kjønn vere representert. Representant for dei tilsette tel ikkje med ved utrekning av kjønnsfordelinga.

(3) Idrettskretsen kan, når det ligg føre særlege tilhøve, gje dispensasjon frå denne regelen.

(4) Idrettsstyret kan gi forskrift om nærare vilkår for dispensasjon og konsekvensane av manglande oppfylling av regelen.[6]

 

§ 6 Generelle reglar om stemmerett, kven som kan veljast, forslagsrett m.v.

(1) For å ha stemmerett og kunne veljast må ein vere fylt 15 år, ha vore medlem av idrettslaget i minst ein månad og ha oppfylt medlemskrava[7]. Ingen kan møte eller  stemme ved fullmakt.

(2) Ein arbeidstakar i idrettslaget har ikkje stemmerett på idrettslaget sitt ordinære eller ekstraordinære årsmøte. Dette gjeld ikkje for spelar/utøvar med kontrakt og medlemskap i idrettslaget.

(3) Ein person kan ikkje samtidig ha meir enn eit av følgjande verv i idrettslaget: medlem av styret, valkomitéen, kontrollkomitéen, lovutvalet , revisor.

(4) Ein person kan ikkje ha tillitsverv knytt til same idrett i fleire idrettslag som deltek i same konkurranse.

(5) Engasjert revisor har talerett på ordinært og ekstraordinært årsmøte i saker som ligg innanfor sitt arbeidsområde.

(6) Representant frå overordna organisasjonsledd har talerett på ordinært og ekstraordinært årsmøte i idrettslaget.

(7) Med forslagsrett er meint retten for medlem til å fremje forslag til idrettslaget sitt årsmøte og til å fremje forslag under årsmøtet.

 

§ 7  Representasjonsrett og vilkår for val av arbeidstakar og oppdragstakar

(1) Ein arbeidstakar i idrettslaget kan ikkje veljast til verv i laget eller overordna organisasjonsledd. Tillitsvalt som får tilsetjing i idrettslaget pliktar å gå ut av tillitsvervet, og går inn att i vervet når tilsetjingstilhøvet er avslutta.

(2) Ein arbeidstakar i idrettslaget kan ikkje veljast eller oppnemnast som representant til årsmøte/ting eller møte i overordna organisasjonsledd.

(3) Første og andre ledd gjeld ikkje for arbeidstakar som er spelar/utøvar med kontrakt og medlemskap i idrettslaget.

(4) Regelen skal brukast tilsvarande på person som har oppdragsavtale som i omfang kan samanliknast med eit tilsetjingstilhøve i idrettslaget.

(5) Denne regelen er ikkje til hinder for at idrettslaget gir dei tilsette rett til å peike ut ein eller fleire medlemer mellom dei tilsette til idrettslaget sitt styre.

(6) Idrettskretsen kan, når det ligg føre særlege tilhøve, gi dispensasjon.

(7) Idrettsstyret kan gi forskrift om nærare vilkår for dispensasjon.[8]  

§ 8 Vilkår for val, og representasjonsrett for andre personar med tilknyting til idrettslaget

(1) Ein person som har avtale med idrettslaget som gir vedkomande økonomisk interesse i drifta av idrettslaget, kan ikkje veljast til verv innan idrettslaget eller overordna ledd. Det same gjeld styremedlem, tilsett i eller aksjonær med vesentleg påverknad i ein juridisk person med økonomisk interesse i drifta av idrettslaget. Avgrensinga gjeld ikkje for styremedlem oppnemnt av idrettslaget. Tillitsvald som får slik avtale, styreverv, tilsetjing eller eigardel, pliktar å gå ut av tillitsvervet, og går inn att når tilhøvet er avslutta.

(2) Person som etter første ledd ikkje kan veljast, kan heller ikkje veljast eller oppnemnast som representant til årsmøte/ting eller møte i overordna organisasjonsledd.

(3) Idrettskretsen kan når det ligg føre særlege tilhøve gi dispensasjon.

(4) Idrettsstyret kan gi forskrift om nærare vilkår for dispensasjon.[9]

§ 9 Inhabilitet

(1) Ein tillitsvald, oppnemnd representant eller tilsett i idrettslaget er inhabil til å leggje til rette grunnlaget for ei avgjerd eller til å treffe avgjerda:

a) når vedkomande sjølv er part i saka.
b) når vedkomande er i slekt eller svogerskap med ein part i oppstigande eller nedstigande linje eller i sidelinje så nær som søsken.
c) når vedkomande er eller har vore  gift med eller er forlova eller sambuar med ein part.
d) når vedkomande er leiar for eller har leiande stilling i eller er medlem av styret i eit organisasjonsledd eller annan juridisk person som er part i saka.

(2) Sameleis er vedkomande inhabil når andre særeigne tilhøve ligg føre som er eigna til å svekke tilliten til om vedkomande er upartisk; mellom anna skal det leggjast vekt på om avgjerda i saka kan gi særleg fordel, tap eller ulempe for vedkomande sjølv eller nokon som vedkomande har nær personleg tilknyting til. Det skal også leggjast vekt på om inhabilitetsmotsegn er reist av ein part.

(3) Er ein overordna inhabil, kan avgjerd i saka heller ikkje treffast av direkte underordna i idrettslaget.

(4) Inhabilitetsreglane skal ikkje brukast dersom det er innlysande at den tillitsvalde, oppnemnde representanten eller tilsette si tilknyting til saka eller partane ikkje vil kunne påverke vedkomande sitt standpunkt og idrettslege interesser ikkje tilseier at vedkomande bør vike sete.

(5) Med part er det her meint person, medrekna juridisk person, som ei avgjerd rettar seg mot eller som saka elles direkte gjeld.

(6) I styret, komitear og utval tek organet sjølv avgjerd, utan at vedkomande medlem deltek. Dersom det i ei og same sak kjem opp spørsmål om inhabilitet for fleire medlemer, kan ingen av dei delta i avgjerda av sin eigen eller ein annan medlem sin habilitet, med mindre organet elles ikkje ville vere vedtaksført i spørsmålet. I sistnemnde tilfelle skal alle møtande medlemer delta. Medlemen skal i god tid seie frå om tilhøve som gjer eller kan gjere vedkomande inhabil. Før spørsmålet vert avgjort, bør varamedlem eller annan person som kan tre inn i staden for, kallast inn til å møte og delta i avgjerda, dersom det kan gjerast utan vesentleg bruk av ekstra tid eller kostnad.

(7) Ved andre høve tek vedkomande sjølv avgjerda om vedkomande er inhabil. Dersom ein part krev det, og det kan gjerast utan vesentleg ekstra bruk av tid, eller vedkomande elles finn grunn til det, skal vedkomande sjølv leggje fram spørsmålet for sin næraste overordna til avgjerd.

(8) Regelen gjeld ikkje på årsmøtet i idrettslaget.

 

§ 10 Krav til vedtak, fleirtalskrav og protokoll

(1) Når ikkje anna er bestemt, er styre, komitear og utval i idrettslaget vedtaksføre når eit fleirtal av medlemene er til stades. Vedtak vert fatta med fleirtal av dei gjevne stemmene. Ved likt stemmetal er møteleiar si stemme avgjerande.

(2) Vedtak kan fattast ved skriftleg sakshandsaming[10] eller ved fjernmøte[11]. Ved skriftleg sakshandsaming skal kopiar av dokument i saka sendast samtidig til alle medlemer med forslag til vedtak. Gyldige vedtak krev at fleirtalet av medlemene gir sin tilslutnad til det framlagde forslaget, og til at dette vert gjort etter skriftleg sakshandsaming. Ved fjernmøte skal alle møtedeltakarane kunne høyre og kommunisere med kvarandre.

(3) Det skal førast protokoll frå styremøta.

 

§ 11 Tillitsvalde og refusjon av utgifter og tapt arbeidsforteneste. Godtgjersle

Tillitsvalde kan ta i mot refusjon for nødvendige, faktiske utgifter, inkludert tap av arbeidsforteneste, som vedkomande får i samband med utføring av vervet. Tillitsvalde kan ta i mot ei rimeleg godtgjersle for arbeidet sitt. Refusjon av tapt arbeidsforteneste og godtgjersle skal gå fram av vedteke budsjett og rekneskap. Styrehonorar skal kome fram i årsmeldinga.

 

III. ØKONOMI

§ 12  Rekneskap, revisjon, budsjett m.v.

(1) Idrettslaget er rekneskaps- og revisjonspliktig.

(2) Idrettslag med årleg omsetnad på under kr 5 millionar skal følgje NIF sine rekneskaps- og revisjonsreglar. Andre idrettslag skal følgje rekneskapsreglane i rekneskapslova og revisjonsreglane i revisorlova, og skal engasjere revisor og velje kontrollkomité. Kontrollkomiteen sine oppgåver følgjer av NIF-lova § 2-12.

(3) Bankkonti skal vere knytt til idrettslaget og skal disponerast av to personar i fellesskap. Underslagforsikring skal vere teikna for dei som disponerer.

(4) På årsmøtet skal det fastsetjast budsjett som inneheld alle hovudpostar i resultatrekneskapen. Rekneskap og budsjett for idrettslag som er organisert med grupper/avdelingar, skal også omfatte rekneskapa og budsjetta for gruppene/avdelingane, og skal følgje oppsettet i Norsk Standard kontoplan.

(5) Budsjettet skal vere realistisk, og resultatet skal ikkje vise underskot med mindre det vert dekt av positiv eigenkapital.

(6) Idrettslaget kan ikkje gi lån eller stille garantiar for lån dersom ikkje lånet eller garantien har sikring med trygg pant eller annan fullgod sikring. Sikring for lån og garantiar skal opplysast i note til årsoppgjeret.

(7) Disposisjonar av ekstraordinær karakter eller vesentleg omfang i høve til idrettslaget sin storleik og verksemd, også låneopptak, skal vedtakast av årsmøtet. Årsmøtet bør vedta eit særskilt fullmaktsreglement knytt til slike disposisjonar.

 

IV. ÅRSMØTE, STYRE, UTVAL MV.

§ 13 Årsmøtet

(1) Årsmøtet er idrettslaget sitt høgste styringsorgan, og skal haldast kvart år i mars[12] månad.

(2) Styret kallar inn til årsmøte minst ein månad på førehand, direkte til medlemene, eventuelt på annan forsvarleg måte og/eller ved kunngjering i pressa, eventuelt på idrettslaget si internettside. Innkallinga kan vise til at saksdokumenta vert gjort tilgjengeleg på internett eller på annan forsvarleg måte. Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast 2 veker før årsmøtet. Fullstendig sakliste og andre nødvendige saksdokument med forslag må vere tilgjengeleg for medlemene seinast ei veke før årsmøtet.

(3) Ved innkalling i strid med regelen, avgjer årsmøtet høvesvis ved godkjenning av innkalling og godkjenning av saklista, om årsmøtet er lovleg innkalla og om det er saker som ikkje kan handsamast.

(4) Alle medlemene i idrettslaget har tilgjenge til årsmøtet. Årsmøtet kan invitere andre personar og/eller media til å vere til stades, eventuelt vedta at årsmøtet berre er ope for medlemer.

(5) Årsmøtet er vedtaksført dersom det møter eit tal medlemer med stemmerett som minst svarar til talet på styremedlemer vedteke i idrettslaget si lov. Dersom årsmøtet ikkje er vedtaksført, kan det innkallast til årsmøte på nytt utan krav om minimumsdeltaking.

(6) På årsmøtet kan det ikkje handsamast framlegg om endring i lov eller reglar som ikkje er ført opp på utsend/kunngjort sakliste. Andre saker kan handsamast når 2/3 av dei frammøtte med stemmerett på årsmøtet vedtek det, ved godkjenning av saklista.

 

§ 14 Leiing av årsmøtet

Årsmøtet vert leia av vald(e) dirigent(ar). Dirigenten(-ane) treng ikkje vere medlem av idrettslaget.

 

§ 15 Årsmøtet sine oppgåver

(1)Årsmøtet skal[13]:

  1. Godkjenne dei som har stemmerett
  2. Godkjenne innkallinga, saklista og møtereglane
  3. Velje dirigent(ar), referent(ar)[14] og 2 medlemer til å skrive under protokollen
  4. Handsame idrettslaget si årsmelding, irekna eventuelle gruppeårsmeldingar
  5. Handsame idrettslaget sin rekneskap i revidert stand
  6. Handsame forslag og saker[15]
  7. Fastsetje medlemskontingenten
  8. Vedta idrettslaget sitt budsjett
  9. Handsame idrettslaget sin organisasjonsplan[16]
  10. Gjere følgjande val:[17]
a) Leiar og nestleiar
b) 3 styremedlem[18] og 2 varamedlemar
c) Andre val i høve til organisasjonsplan vedteken av årsmøtet, jf. pkt. 9.
d) 2 revisorar[19]
e) Representantar til ting og møte i dei organisasjonane som idrettslaget har representasjonsrett
f) Valkomité med leiar og 2 medlemer og 1 varamedlem for neste årsmøte.

(2) Leiar og nestleiar skal veljast enkeltvis. Dei andre medlemene til styret skal veljast samla. Deretter skal varamedlemene veljast samla, og ved skriftleg val vert rekkjefølgja avgjord i høve til stemmetala.

(3) Valkomiteen skal veljast på fritt grunnlag, etter innstilling frå styret.

 

§ 16 Stemmegjeving på årsmøtet

(1) Med mindre noko anna er fastlagt i denne lova, skal eit vedtak, for å vere gyldig, vere gjort med vanleg fleirtal av dei avgjevne stemmene. Ingen representant har meir enn ei stemme. Ingen kan møte eller stemme ved fullmakt. Blanke stemmer skal reknast som ikkje avgjevne.

(2) Alle val skal vere skriftlege dersom det ligg føre meir enn eit framlegg, eller det vert fremja krav om det. Dersom det skal vere skriftleg val, kan berre føreslegne kandidatar førast opp på stemmesetelen. Stemmesetlar som er blanke, eller som inneheld kandidatar som ikkje er føreslegne, eller ikkje har det tal det skal stemmast over, tel ikkje, og stemmene skal reknast som ikkje avgjevne.

(3) Når eit val vert halde enkeltvis, og ingen kandidat oppnår meir enn halvparten av dei avgjevne stemmene, skal det vere omval mellom dei to kandidatane som har fått flest stemmer. Står kandidatane likt etter omvalet, vert valet avgjort ved loddtrekking.

(4) Når fleire skal veljast ved ei røysting, må alle ha meir enn halvparten av dei avgjevne stemmene for å vere valde. Dette gjeld ikkje ved val av varamedlemer. Om ikkje mange nok kandidatar får dette i første omgang, er dei valde som har fått meir enn halvparten av stemmene. Det vert så omval mellom dei kandidatane som står att, og etter denne røystinga er dei valde som har fått flest stemmer. Står nokon likt etter omvalet, vert dette avgjort ved loddtrekking.

(5) For å vere gyldig må val vere gjennomført i samsvar med NIF-lova §§ 5 til 8.

 

§ 17 Ekstraordinært årsmøte

(1) Ekstraordinært årsmøte i idrettslaget vert innkalla av idrettslaget sitt styre minst 14 dagar på førehand etter:

a) Vedtak på årsmøtet i idrettslaget
b) Vedtak i styret i idrettslaget
c) Vedtak av styret i overordna organisasjonsledd
d) Skriftleg krav frå 1/3 av dei medlemene i idrettslaget som har stemmerett.

(2) Ekstraordinært årsmøte vert innkalla direkte til medlemene, eventuelt på annan forsvarleg måte, medrekna ved kunngjering i pressa, eller på idrettslaget si internettside. Sakliste og nødvendige saksdokument skal følgje innkallinga. Innkallinga kan vise til at saksdokumenta vert gjort tilgjengeleg på internett eller på annan forsvarleg måte.

(3) Ekstraordinært årsmøte er vedtaksført dersom det møter eit tal medlemer med stemmerett som minst svarar til talet på styremedlemer vedteke i idrettslaget si lov. Dersom det ekstraordinære årsmøtet ikkje er vedtaksført, kan det innkallast til årsmøte på nytt utan krav til minimumsdeltaking.

(4) Ekstraordinært årsmøte i idrettslaget skal berre handsame dei sakene som er med i vedtaket eller i kravet om innkalling av årsmøtet.

 

§ 18 Idrettslaget sitt styre

(1) Idrettslaget vert leia og forplikta av styret, som er idrettslaget sitt høgste styringsorgan[20]  mellom årsmøta.

(2) Styret skal:[21]

a) Setje i verk årsmøtet og overordna organisasjonsledd sitt regelverk og sine vedtak
b) Sjå til at idrettslaget sine midlar vert brukt og forvalta på ein forsiktig måte i samsvar med dei vedtak som er fatta på årsmøtet eller av overordna organisasjonsledd. Styret skal vidare sjå til at idrettslaget har tilfredsstillande organisering av rekneskaps- og budsjettfunksjonen, og har forsvarleg økonomistyring
c) Etter behov oppnemne komitéar/utval/personar for spesielle oppgåver og utarbeide mandat/instruks for desse
d) Representere idrettslaget utetter
e) Oppnemne ansvarleg for politiattestordninga.[22]

(3) Styret skal halde møte når leiaren bestemmer det eller eit fleirtal av styremedlemene krev det.

 

§ 19 Grupper/avdelingar/komitear

(1) Valkomiteen skal leggje fram innstilling på kandidatar til alle tillitsverv som skal veljast på årsmøtet, med unntak av valkomité. Medlem av valkomité som sjølv vert kandidat til verv, pliktar å tre ut av valkomiteen.

(2) Idrettslaget kan organiserast med grupper og/eller avdelingar. Idrettslaget sitt årsmøte tek avgjerd om oppretting av grupper/avdelingar, og korleis desse skal organiserast og leiast. Avgjerd om dette vert gjort i tilknyting til årleg handsaming av idrettslaget sin organisasjonsplan, jf. § 15 (1) pkt. 9.

(3) Heile idrettslaget heftar for gruppene/avdelingane sine økonomiske plikter og ansvar, og grupper/avdelingar kan ikkje gjere avtaler eller representere idrettslaget utetter utan godkjenning frå styret, jf. § 18.

 

  1. V.                ANDRE REGLAR

 

§ 20 Allmenne disiplinærtiltak, sanksjonar etter kamp- og konkurransereglar, straffesaker og dopingsaker.

For allmenne disiplinærtiltak, sanksjonar etter kamp- og konkurransereglar, straffesaker og dopingsaker gjeld NIF-lova kapittel 11 og 12.

 

§ 21 Lovendring

(1) Endringar i denne lova kan berre vedtakast av ordinært eller ekstraordinært årsmøte i idrettslaget etter å ha vore ført opp på saklista, og krev 2/3 fleirtal av dei avgjevne stemmene.

(2) Lovendringar som følgje av endringar i NIF-lova, trer i kraft straks. Lovendringar vedtekne av idrettslaget sjølv trer ikkje i kraft før dei er godkjende av idrettskretsen. Godkjenninga er avgrensa til dei reglane som NIF-lova omfattar.

(3) I samband med godkjenninga kan idrettskretsen pålegge nødvendig endring for å unngå motstrid med NIF sitt regelverk.

(4) Endring i §§ 21 og 22 kan ikkje vedtakast av idrettslaget sjølv.

 

§ 22 Oppløysing - Samanslåing - Konkurs

(1) Forslag om oppløysing av idrettslaget må først handsamast på ordinært årsmøte. Vert oppløysing vedteke med minst 2/3 fleirtal, skal det innkallast til ekstraordinært årsmøte 3 månader seinare. For at oppløysing skal skje, må vedtaket også her gjerast med 2/3 fleirtal.

(2) Samanslåing med andre idrettslag vert ikkje rekna som oppløysing av laget.[23]
Vedtak om samanslåing og nødvendige lovendringar knytt til dette skal gjerast i samsvar med vedtektene om lovendring, jf. § 21.

(3) I fall oppløysing eller anna avbrot av idrettslaget går idrettslaget sine overskytande midlar etter avvikling  til eit føremål godkjent av idrettskretsen. Melding om  at idrettslaget skal oppløysast, skal sendast til idrettskretsen 14 dagar før idrettslaget held ordinært årsmøte for handsaming av saka.

(4) Ved konkurs vert organisasjonsleddet rekna som oppløyst når konkurs er avslutta og det misser såleis medlemskapen  i NIF.



[1] Idrettslaget sitt namn må vere i samsvar  med NIF si forskrift om namn på idrettslag. 

[2] Personlege medlemer betyr at idrettslaget ikkje kan operere med andre typar medlemskap, som til dømes familiemedlemskap og firmamedlemskap. At idrettslaget har ei ordning for familiekontingent er å sjå på som ei rabattordning, og har ikkje noko med sjølve medlemskapen å gjere. Medlemer skal difor  registrerast enkeltvis.

[3] Idrettslaget må vere medlem i det/dei særforbund som laget sine idrettsgreiner omfattar, med mindre laget berre driv mosjonsidrett som ikkje er organisert  av eit særforbund i NIF, jf. NIF-lova § 10-1. Dette skal kome fram av idrettslaget sin organisasjonsplan. Det er årsmøtet i idrettslaget som vedtek kva for idrettar idrettslaget skal organisere, og vedtek  innmelding/utmelding i aktuelle særforbund.

[4] Idrettslag kan berre vere medlem av eitt idrettsråd. Dersom idrettslaget sitt naturlege område strekkjer seg over meir enn ein kommune, avgjer idrettslaget sitt årsmøte ved vedtak om lovendring kva for  idrettsråd det høyrer til.

[5] Ordninga trer først i kraft når Idrettsstyret bestemmer det.

[6] Sjå forskrift til NIF-lova § 2-4.

[7] Til dømes skuldig kontingent.

[8] Sjå forskrift til NIF-lova §§ 2-6 og 2-7

[9] Sjå forskrift til NIF-lova §§ 2-6 og 2-7.

[10] Til dømes møte per e-post

[11] Til dømes møte per telefon/videokonferanse

[12] Idrettslaget må halde årsmøte for handsaming av rekneskap for året innan utgangen  av juni det etterfølgjande år.

[13] Dersom saklista  ikkje vert fullført, kan det kallast inn til framhaldande årsmøte. Slik innkalling skjer på tilsvarande måte som for ordinært årsmøte, men eventuelt med kortare frist godkjend av årsmøtet. Framhaldande årsmøte kan berre handsame saker som var med i godkjend sakliste for årsmøtet.

[14] Verken dirigent eller referent må vere medlem i idrettslaget, sjå også § 14.

[15] Forslag i saklista samt eventuelle forslag som årsmøtet, ved godkjenning av saklista, har vedteke å handsame etter eit vedtak av 2/3 av dei med  stemmerett på årsmøtet.

[16] Organisasjonsplanen skal regulere den interne organiseringa og aktiviteten i idrettslaget.

[17] Dette er minimum av dei tillitspersonar som skal veljast på årsmøtet. Årsmøtet kan i tillegg velje andre tillitspersonar det er behov for.

[18] Tal styremedlemer og varamedlemer må fyllast ut ved vedtak  av lova, minimum 1 styremedlem og 1 varamedlem. Styremedlemene kan veljast til spesifikke oppgåver.

[19] Idrettslag med årleg omsetnad på meir enn kr 5 millionar pliktar å ha engasjert revisor, jf. NIF-lova
§ 2-11, og må ta inn følgjande som nytt punkt 10 i § 15: «Engasjere statsautorisert/registrert revisor til å revidere idrettslaget sin rekneskap.» Punkt 10 må forskyvast til nytt punkt 11 og punkt 11 (før punkt 10) bokstav d) endrast til: «Kontrollkomité med 2 medlemer og 2 varamedlemer».

[20] Dersom laget har fleire gruppestyre, er det berre idrettslaget sitt hovudstyre som leier og forpliktar laget. Denne  høgste avgjerdsmakta kan ikkje, verken heilt eller delvis, delegerast til andre organ/personar innan laget. Dette tilseier mellom anna at det berre er idrettslaget sitt hovudstyre (der laget har grupper/avdelingar med eigne styre) som kan tilsetje personar, gjere marknadsavtalar, eventuelt  andre avtalar som forpliktar idrettslaget juridisk.

[21] Dette er eit minimum av kva for oppgåver som skal leggjast til styret. Idrettslaget står fritt til å leggje til andre styreoppgåver her.

[22] Ansvarleg for ordninga med  politiattest er påkravd for alle idrettslag som organiserer aktivitet for mindreårige og/eller menneske med nedsett funksjonsevne.

[23] Ved samanslåing skal eldste skipingsdato og klubbnummer for dette idrettslaget nyttast.