Ungdoms-HaFo 2023

 

 

 

Ungdoms HaFo-turnering 10. Februar 2023

 

 

Informasjon til alle ungdomskular og foreldre

 

 

Etter suksessen med Ungdoms-HAFO gjentar med dette i år og. For femte gong. Me håpar at enda fleire ønsker å delta.  Dette bygger på same konsept som det som blir arrangert for barneskulane men me spelar på heil bane.  Kampane begynnar kl 17 og vil vare utover kvelden. Når det sluttar er litt avhengig av kor mange lag me klarar å få med oss.  Me håpar dere som skule kan formidle og motivere flest mulig elevar til å delta for dette vil bli et flott fritidstilbod for elevane.

 

Kva er Ungdoms HaFo?
HaFo er ein omgang med handball og ein med fotball. Omgangane varer 8 minutt. I finalane varer omgangane 8 minutt. Det deltek 6 spelarar inkl. målvakt på handballdelen og 5 inkludert målvakt på fotballdelen. Det kan nyttast inntil 4 innbytarar.

Det blir i år mix lag og det må alltid væra minimum 1 jente og ein gut på banen.

Det blir påmeldt lag klassevis frå kvart årstrinn 89 og 10 klasse og kvart årstrinn spelar eigne finalar. Kvar klasse kan melda på fleire lag slik at alle får mest mogleg speletid.

Skulle det verta for få lag i nokre av klassane trinn vil me prøve å gjere ein mix.

 

Konsept

HaFo-konseptet byggjer på at alle kan delta uavhengig av ferdigheiter. Det skal vera gøy og moro og ein positiv aktivitet med vektlegging på ballallsidigheit.

 

Hafo skal vera med å bidra til å samarbeid og samhald mellom elevar – og at ein blir kjent med elevar frå andre skular på Osterøy. Osterøy IL Handball legg stor vekt på fair play og gratis for både deltakarar og publikum.

 

Me ser fram til årets turnering og me håpar at skulane klarar å stilla med flest mogleg lag.

 

 

 

Påmelding / organisering

  1. Elevane melder seg på ved å levera påmeldingsslippen de finn nedst på arket til kontaktlærar. Frist – snarast og innan fredag 27. januar.
  2. Foreldrekontakt/lagleiar har sjølv ansvar for lagleiinga under kampane.

 

  1. Lagleiarar skriv inn informasjon på påmeldingsskjema (som skulen har fått) og sender påmelding av sine lag til post@hafocup.no innan onsdag 1. Februar
    Dette kan også kontaktlærar gjera dersom skulen / kontaktlærar synest det er greiast.
  2. Lagleiarar har ansvaret for at laget møter til rett tid til kvar kamp.
  3. Når kampprogrammet er klart sender Hafo-arrangøren dette ut til alle kontaktpersonar og til skulane. Lagleiarar må informera sitt lag. Kampoppsettet vert og lagt ut på nettsida til osteroyil.no – klikk på fane handball.

 

  1. Foreldre er velkomne i hallen for å heia på sine kjekke ungdommar. J

 

  1. Det  blir sal av pizza og brus i hallen denne kvelden.

 

  1. Det vert premiering for beste heiagjeng og best utkledd lag! Ver kreativ J

 

 

Dersom det skulle vera spørsmål ta kontakt med:

Thor-Eivind Mjelde mobil 909 75 895 e-post post@hafocup.no

Beste helsing frå arrangørkomiteen
Styret i Osterøy handball og styret for HaFo 2023

 

————————————————————————————————-klipp ut – og lever til foreldrekontakt/lagleiar                          Frist: fredag 27. januar

 

 

Namn:                                                                                                Klasse:                       

skal vera med på HAFO-turneringa

 

 

Aktivitetar

4. div: Osterøy IL – Austevoll
Osterøy Stadion Kunstgras
09 jan
Osterøytrear 25.4.2024
Osterøy Stadion
28 feb
24 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar