Juleoppvisning 2007

På søndag ha turngruppa si årlege juleoppvisning i Osterøyhallen. Dette er eit stort høgdepunkt for mange av gymnastane og årets siste aktivitet.

Med i overkant av 200 publikumere vart det ein trivelig stemning i hallen. Alle dei aldersbestemte partia, frå 5-6 år og opp til 20 åringane fekk visa kva dei hadde lært i haust. Først ut var dei minste som hadde øvd på balansering og rulle på matta. Dette hadde Renate og Monica klart veldig fint å lært dei. Det var mange smilande fjes, og mange som lurte på om mamma eller pappa såg kor flinke dei var.
Juleoppvisning 2007Juleoppvisning 2007
Etter på dei minste var det Conny med  7-8 åringane sin tur. Dei hadde øvd både på matte og trampoline. Det same hadde Benedicte og  9 – 10 åringane som  var neste post på programmet. Etter ein liten pause var det Anette og 11-13 år sin tur. Dei var første partiet som viste fram den nye tumblingbana, som vart brukt for første gang under eit arrangement. Partiet 14 år + hadde ein morosam start der dei var iført flotte raudstripete "badedrakter".
Juleoppvisning 2007Juleoppvisning-07
Etter det viste dei flotte øvelser både på tumblingen og trampetten. Så var det hjul partiet sin tur. Dei hadde eit flott innslag med nydelig panmusikk og stemningsfull lyssetting i hallen. Siste ut på programet var ein gjeng av dei eldste gymnastane som hadde øvd inn ein dans til musikken Thriller. Ein kjempeflott avsluttning på eit vellykka arrangement. 
JuleoppvisningJuleoppvisning-07

Aktivitetar

18 feb
Valestrandsmarka Rundt
Furubakken idrettsplass
23 feb