Osterøy IL har runda 100år

Osterøy idrottslag-100 år. 

I 1918-  i pakt med tida vart Skarphedin stifta-

og har vore der sida-Fred i landet etter uro og krig-løyst frå unionen-

eit  samfunn skulle formast for å reisa oppatt nasjonen-

Eit samfunn der arbeid og helse gjev håp og tru-der folk kan trivast og gjerne vil bu-

da må ein stå saman- det vert den styrke som er drivkrafta bak eit liv -og eit yrke.

Då treng ein verdiar å byggja på-kva finns i tida ?- ein lyt leita ,læra og sjå !

Eit samfunn i endring til straum , teknikk og industri-

set nye krav til arbeid, til livsstil og den tid ein har fri !

Det å måla krefter i leik og arbeid ligg latent i  vår natur-

og har frå alle tider vore del av samfunn og kultur .

Leiken var alt  komen godt igang-tida vart meir inne for reglemang med lov og rett-  

så Idrottslaget Skarphedin  vart skipa ,og innmeldt iģCentralforeningen for Idrett Ģ!

Så tek soga til, og soga den er skriven ned med penn og blekk i protokoll

og ligg for ettertid  til kunnskap og kontroll.

Her kan og lesast mellom linjene om arbeid som ligg bak-

om alvor -med og motgang og mange tunge tak.

Men idrett er som livet-ein lyt bruka det ein har-

så ser ein etter kvart at her er rom for fleire planar-

fri natur med fjell og mark -men for allsidig idrott treng ein også Baner!

Brubakkane på Revheim-det var stort å våga-

Bana-den var fin for tida-og her sjedde mangt og mykje som kan fylle eigen soga.

Her vart kjempa mann mot mann-men så kom jenter med frå Valestrand.

Og soga den går vidare- ungane -mest gutar-men også jenter møtte opp og sette preg-

endå det var dei som meinte det var lite sømeleg.

Men idrottsgleda- den slo rot -samla folk i bygder og i grender- så kom den dag-

Skarphedin,Mjeldalen skilag og Sterkodder vert til Osterøy Idrottslag.

 Soga fortel om aktive år-trass krigstid med stillstand-

men så kom den vår-som utløyste krefter , vilje og mot-det vart verkeleg stort!

Osterøy på kartet-med allsidig idrett sumar og vinter-for lag og personar-

så ein kan ein visa til fine prestasjonar – ein kan kjenna på glede-og sleppa gleden laus-

med å gle seg for kvarandre-kan ein også vera raus.

 Alvor har sin del av leiken-det kjenner me nok til – her må det vera  målretting og konkurranse

 for den som kan og vil-

Det er eit idrottslag til ære å ha medlemmer som trener fram mot resultat og karriere!

Møta nye tider-nye krav-men ta vare på verdiane som er-og var.

Her står det mange bak som brukar tid og krefter for idretten si sak-

det er ein samanhengande stafett-etappane er mange- ikkje alle like lange-

men som heilheit heng det saman til ein levedyktig  lagidrett !

Så set ein att med mange gode minner frå hendingar og liv-

og ser den store samanheng  i eit folkehelseperspektiv !

Idrettslag i 100 år-der soga-notid- framtid krev sin del-her har me idretten si sjel-

Så kan ein tru-at Idretten har evig liv-at det er sjølve urkrafta som driv –

Den varar ved i alle livets fasar- med respekt for sjølve livet –

så kan kvar og ein – utover land og grenser, ha som  eigen livsfilosofi-

å ta opp kampar som ein møter  i fredleg kappestrid !

Tillukke med dei 100 år-  og alle gode ynskje for framtida  !

 

10.mars 2018,

Marta Ingunn Rongved.

 

Ingunn Rongved.

Aktivitetar

Hopp utan tilløp
Haus skule onsdag 27.11.2024 kl. 18.30
16 okt
Valestrandsmarka Rundt
Juleløp torsdag 2. juledag 26. desember kl. 12.00.
16 okt
Valestrandsmarka Rundt
Nyttårsløp tysdag 31. desember kl. 14.00.
16 okt