Reglar HaFo/kampavvikling

REGLAR/KAMPAVVIKLING

1.     Spel på tre minihandballbaner på tvers av hallen. Skiljevegger til bruk for å skilje banene unntatt finalar på Bane B. (Midtre)

Først ein omgang med handball så ein med fotball.

2.    5 spelarar med målvakt på handballdelen med ein mindre på fotballdelen. Inntil tre innbytarar som kan skifta heile tida. Ein ekstra spelar når ein ligg under med meir enn to mål.

3.    Laga byter ikkje side med ein liten pause for å skifte frå handball til fotball. Laget som er nemnd først spelar i grøne HaFo-vestar på banehalvdelen ved klokkeveggen mot tribuna.

4.    Mål skora i fotballdelen vil telja dobbelt så mykje som i handballdelen. (Gjeld ikkje oppvisningskampen)

5.    Kampane startar/stoppar samstundes uten tillegg/fratrekk i tid.

6.    I finalane søndag vert det innmarsj og presentasjon av spelarar. Spelarane har på seg nummererte HaFo-vestar. Registrering og opplysning av målskorarane.

7.    Lette og enkle reglar spesielt i handballdelen for dei yngste. Innspark i staden for innkast i fotballdelen.
Ikkje lov å skora direkte (ingen i kontakt med ballen) etter stopp/igangsetting av spelet.

8.    Ved utvisning kan ein setta innpå ein annan spelar men den utviste spelar får ikkje delta resten av omgangen.

9.    Protester rettast til sekretariatet. Anke på desse vil verta behandla av arrangørkomiteen snarast. Alle resultat endelege ved premieutdeling.   

10.   Ved poenglikskap mellom to eller fleire lag bestemmes rekkefølgen              
        slik:

        1. Målforskjell (differansen mellom scorede og innslupne mål)                                                                                     

        2. Flest scorede mål i samtlige kampar.

        3. Loddtrekking.

11.    Dersom uavgjort i finalekamp spelast det 2 x 2 min. ekstraomgang. Er det uavgjort etter ekstraomganger har vi 2 HaFo vinnere.