Premieutdeling

PREMIEUTDELING

 

Alle deltakarar får HaFo – medaljar. I tillegg får  Osterøymeistrane i HaFo ( 6. og 7. klasse) pokal.

3. 4. og 5. klasse får premiane rett etter at dei er ferdige å spela på laurdag.

 

Støttespelarar(sponsorar) vil få tilbod om å vera med på denne utdelinga.

Dei to eldste klassane får sine medaljar etter endt seriespel søndag unnateke finalistane som får sine etter kvar finale er ferdigspelt.

 

Medaljar utdelast av arrangørkomiteen og pokal av representant for hovudsponsor.

Utdelinga skal foregå ved flagg og arenareklamevegg/Sekretariat C.

Riggar til bord ved flaggvegg til å ha medaljar og pokalar på.

Arrangørstab står og omkransar delvis(opning i midten)ved oppmerkingsliner for å få litt system på overrekkinga.(7-meterslinja)

To lag om gangen går inn i midten og stiller seg opp på kvar side av premiebord parallelt med flaggvegg.

Berre arrangørstab innanfor 9-meterslina.

Me tar bilete av alle laga med lagleiar/ar. Lagleiarane får også medaljar.

Viktig at alle i arrangørstaben som ikkje er opptatt stiller opp og hjelper til ved alle premiutdelingane. Litt stil og ramme rundt utdelinga må det vera.

Aktivitetar