Påmeldingsinfo

PÅMELDINGSINFORMASJON HaFo 9.-10. april 2011

Det er klart for å melda på lag til HaFo-turneringa.

Påmeldinga kan gjerast direkte på www.hafo.info under HaFo 2011 -> Påmelding 2011.

Viktig at skulane er tydelege på kven som har ansvar for påmeldinga internt!

NB! På kampdagane er det kun lagleiarar og spelarar som slepp inn i på baneområda i hallen. Alle laga slepp inn i hallen 5 minutt før kampstart.

 

Skulane kan melda på så mange lag dei vil i 3.-7.klasse også fleire lag i same klasse.

I 3 og 4. klasse skal alle delta i MiX-klassen(har ikkje reine jente –og gutelag her).

I 5.– 7. klasse kan det meldast på i jente gut og mix –klasse. Dersom 5. – 7. klassane er store nok kan ein stilla med fleire gute og jentelag i tillegg til eit eller fleire mix-lag(jenter og gutar). Dersom det er elevar til ”overs” kan desse flyttast over til eit anna klassesteg dersom dette er ynskjeleg. Dette er særs viktig for dei minste skulane.

Seriespel med finalar i 6. og 7. klasse. Oppmodar å melda på reine jente og guteklassar her for å få flest antall finalar men som før kan det verta naudsynt å forandra på klasseinndelinga og bytta om slik at alle skule-elevane får eit godt kamptilbod.

 

Blanda klassesteg spelar vanlegvis i den eldste klassen men skulen kryssar av der dei meiner laget passar best.

Det bør vera minst to jenter med på laget for å kunna stilla i mix-klassen.

 

Me gjer merksam på at det skal nyttast 1 påmeldingsskjema pr lag.

Dette gjeld også om det vert meldt på fleire lag i same klasse. Skil desse klassane med å føya til ulik bokstav farge eller anna.

  • Skriv opp ynskja klassesteg laget skal påmeldast i.
  • Kryss også av for om laget bør delta i guteklasse jenteklasse eller miksklasse.
  • Skriv kor mange som er med på laget og kva klasse dei går i.
  • På mikslaga skriv ein også opp kor mange jenter som er med.

 

Det er viktig at skulen har ein kontaktperson som arrangøren kan henvenda seg til.
Denne kontaktpersonen vil få tilsendt liste over alle lag skulen har påmeldt til oversyn innan

1. april. Kampoppsettet blir lagt ut på nettet når alle påmeldingane er på plass.


Det er også viktig at kvart lag har ein ansvarleg kontaktperson (lagleiar) under turneringa også dersom det skulle oppstå endringar i siste liten.

 

Me må rekna med litt forandringar for å få til ei god kampavvikling for skuleelevane.

 

Kontaktperson Påmelding 2011: Lars-Erik Haga


Påmelding skjeri år  kun på www.hafo.info .


Eventuelle spørsmål vert helst sendt via e-post eller faks.

 

E-post: handball@osteroyil.no     Faks: 9477 4059        Mobil: 915 50 901

 

Me vonar på godt samarbeid for å fremja positiv aktivitet.

                        Påmeldingsfrist HaFo 2011 er 21. mars.

Aktivitetar

Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar
Open trening TURN
Osterøyhallen
07 mai
Ekstraordinært Årsmøte
Osterøy IL Klubbhus
18 mai
24 mai