Osterøy IL har 2 seniorlag menn og 1 seniorlag kvinner på deltakarlista.
Resultat på eqtiming.
Askstafetten 1. mai 2026 Arrangørlink Link til Askstafetten 2025 der Osterøy IL Senior tok ein historisk siger.
Osterøy 1 menn senior lang løype (3. plass 14,54,1 og 16 sekund etter)
1. 670m Magnus Reigstad (1,34,5)
2. 1167m Espen Roll Karlsen (3,19,2)
3. 407m Runar Trefall (52,4)
4. 1568m Markus Loftås (4,22,7)
5. 1167m Jonas Lillejord (3,14,4)
6. 593m Vegard Trefall (1,30,9)
Osterøy 2 menn senior langløype (nr. 6 på 16,41,0 og 2,02,9 etter)
1. 670m Joar Nøkleby Lemme (1,48,0)
2. 1167m Magnus Gjerstad (3,39,2)
3. 407m Sigbjørn Reigstad (1,03,8)
4. 1568m Henrik Revheim (4,46,9)
5. 1167m Daniel Bruvik (3,29,7)
6. 593m Tor-Henning Erdal (1,53,4)
Osterøy kvinner senior. Kort løype. (nr. 4 på 7,15,4 og 1,04,6 etter)
1. 382m Siri Hauge (1,15,4)
2. 593m Linnea Bernes Setre (1,53,8)
3. 942m Nora Bergan (3,29,7)
4. 225m Marie Nøkleby Lemme (36,5)
Bjarte Vik med fyldig referat frå stafetten:
Det var knytt stor spenning til om Osterøy ville klara å forsvara fjorårssigeren i tradisjonsrike Askstafetten 1. mai. I år var det definitivt ein av dei varmaste stafettane sidan starten på 1950-talet. Askstafetten har ei eiga stemning med tøffe tak og harde duellar, mykje publikum og ei knallhard og kupert løype som kan ta pusten frå nokon kvar. Normalt sett går det over 50 år mellom kvar gong Osterøy-herrane går til topps i seniorklassen, men det er lov å håpa og ikkje minst prøva. Med Trygve Feidje Mjelde på sidelinja med eit trøblete kne minka sjansane – men stafett er stafett!
Magnus Reigstad gjorde absolutt jobben på den 670 meter lange 1. etappen og veksla i rygg på favorittane Gneist og Gular. Vår mann på 2. etappe (1167 m), Espen Roll Karlsen, hadde veldig lyst til å slå gamleklubben Gneist, men i dei bratte kneikane vart formsterke Andreas Fantoft hakket for god. Espen gjorde likevel ein solid etappe og veksla likt med Gular. På den kortaste 3. etappen (402 m) skaffa nykomaren Runar Trefall oss vel eit sekunds forsprang på Gular. Her har Osterøy ein ny langsprintar av høg klasse!
På den lengste 4. etappen (1568 m) tok Markus Loftås og Gulars Tore Akerli innpå Gneist med nokre sekund, men før siste sløyfa var det dessverre tydeleg at her måtte ein ha fokus på kampen om sølvet. Nett som på Fristafetten blei Gneist eit nummer for stor. Markus gav undervegs frå seg nokre meter til Gular, men i motbakken opp mot veksling viste han fram kva som bur i ein hausing som har vakse opp i ein motbakke. Osterøy og Gular veksla likt, og no var det opp til maratonhelten Jonas Lillejord på 5.etappe (1167 m). Her hadde Gular ein svært habil 800m-løpar – og sjølv om vår mann sprang solid – måtte han gje frå seg 4 sekund på etappen.
Dermed vart oppgåva for stor for Vegard Trefall på 6. og siste etappe (593 m) – spesielt når Gular hadde John Petter Stevik – landets tredje beste 800m-løpar. Vegard leverte likevel ein solid etappe – berre eit sekund bak Stevik i etappetid. Osterøy kom inn på bronse og tida 14.54,1, faktisk under sekundet bak vinnartida vår i fjor.
Andrelaget til Osterøy vart liggjande litt i «ingenmannsland» og kom inn på 6. plass av 8 herrelag med tida 16.41. Godt å sjå at våre menn fullstendig parkerte både Gular 2 og arrangørklubben Ask. På Osterøy 2 sprang Joar Nøkleby Lemme, Magnus Gjerstad, Sigbjørn Reigstad, Henrik Revheim, Daniel Bruvik og Tor-Henning Erdal. Gode kandidatar til Holmenkollstafetten i Oslo neste helg.
Kvinnelaget til Osterøy fekk ein fin 4. plass i seniorklassen. Gulars to lag og Haugesund var det lite å gjera med, men jentene våre sette Ask på plass og slikt er kjekt for alle oss som har levd lenge med den venskaplege rivaliseringa mellom dei to idrettslaga. På Osterøy sprang Siri Hauge, Annelin Lunde (rett frå nattevakt), Nora Bergan og Marie Nøkleby Lemme.