Askstafetten 1.5.2025.   Arrangør link      Startliste med påmeldte lag

Historisk seier i den tradisjonsrike Ask-stafetten. Ikkje sidan 1971 har Osterøy vunne. Det vart ein svært spennande duell, med heile 3 etappesigrar, før Vegard Trefall slutta inn til siger. ❤️ I tillegg vann veteranane suverent. Ser imponerte Bjarte Vik på siste etappe, og omtalte seg sjølv etterpå som «damedødaren»

Osterøy IL Menn superveteran 45+    gull 6,57,4
1. 382m Arne Reigstad   1,07,0
2. 593m Gisle Raknes  1,46,6
3. 942m Sigbjørn Reigstad 3,28,8
4. 225m Bjarte Vik 35,0

Osterøy IL Menn senior  gull  14,53,4
1. 670m Magnus Reigstad  1,34,2
2. 1167m Markus Loftås 3,20,0
3. 407m Eirik Reigstad 57,4
4.1568m Trygve Feidje Mjelde 4,19,3
5. 1167m Dagfinn Gjerstad 3,13,0
6. 593m Vegard Høylo Trefall 1,29,5

foto: OIL/instagram

Lagleiar Bjarte Lohne med fyldig referat frå etappe 1 til målgang.

HISTORISK SIGER TIL OSTERØY I ASK-STAFETTEN
Osterøy tok ein knallsterk siger i herreklassen i den tradisjonsrike Ask-stafetten som gjekk av stabelen for 73. gong 1. mai. Dette er Osterøy sin andre siger på alle desse åra. Den første kom i 1971. Stort sett er det bergens-klubbar som har sigra i denne stafetten og det var ikkje uventa to bergenslag som gav ostringane størst motstand.
Her har leiar og trenar i friidrettsgruppa, Bjarte Lohne, oppsummert den ekstremt spennande stafetten, etappe for etappe:
1.etappe 670m
Osterøy gambla med å setja Magnus Reigstad på første etappen, ein etappe Vegard Trefall har sprunge dei siste åra. Etappen er 670m lang og går stort sett nedover. Det var sterk motvind på nesten heile etappen og Magnus la seg midt i feltet i ly for vinden dei første 400m, men han følte seg så sterk at ha då gjekk rett i tet i eit rykk og behald den plasseringa til veksling, forøvrig rett framfor Daniel Hanstveit frå Mjøsdalen som veksla som nr to. Begge kom nettopp heim frå felles treniningsleir på Kreta forrige helg.
2.etappe 1167m
På 2. etappe mottok Markus Loftås pinnen i tet og måtte dermed kasta planane om å ta det litt forsiktig ut frå start. Han kjente nok framleis halvmaratonen (BCM) frå lørdag i beina. Men Markus sprang på rutinen og veksla med eit par sekunds margin til Gneist og 10 sekund bak til Gular. Markus hadde og beste etappetid på sin etappe.
3.etappe 407m
Unge Eirik Reigstad fekk nokre raske storsprintarar halsande etter seg, men veksla ikkje så langt bak Gneist til Osterøy sin kaptein Trygve Feidje Mjelde. Dessverre var dei uheldige med vekslinga og pinnen gjekk i bakken!
4.etappe 1568m
Dei tapte nokre sekunder på det, og Trygve sprang dermed ut 5sekund bak leiande Gneist med 4 sekund tilbake til Gular. Trygve sprang ein av dei sterkaste etappane som har vore sprunge på den lengste etappen i Ask-stafetten si lange historie. Han var rett bak etapperekorden under dei ufyselege forholda, med regn og sterk vind. Han veksla 8 sekund framfor Gneist og 11sekund framfor Gular og avgjorde nok på ein måte stafetten på sin etappe.
5.etappe 1167m
Dagfinn Gjerstad fekk dermed ein god leing på ein krevjande etappe som går delvis på ein glatt og gjørmete sti. Gneist sin Hans-Magnus Haukøy (som har foreldre frå Tysse og Lonevåg)
tok igjen Dagfinn rett før det glatte partiet. Når Dagfinn var uheldig og glei, smatt Hans Magnus forbi. Men Dagfinn hang seg på resten av etappen og veksla til Vegard Trefall på siste etappen sekundet bak Gneist og held avstanden bak til Gular som no var på 10 sekund.
6.etappen 593m
Vegard Trefall la då i veg på sjarmøretappen rett i rygg på leiande Gneist. Han gjekk raskt i tet på etappen, som hovedsakleg går i motbakke. Omlag 150m før mål flatar etappen ut og går nedover. Her sette Vegard inn sitt avgjerande rykk og sprang inn til ein komfortabel siger drøyt 2 sekund føre Gneist og Gular framleis 10 sekund bak.
Dermed viste ostringane at 3. plassen i Fristafetten rett bak Gneist og Gular ikkje var nokon tilfeldighet og befesta sin posisjon som ein av dei dominerande løparklubbane i bergensregionen for tida.
Dette var sjølvsagt først og fremst ein lagsiger der alle løparane gav viktige bidrag. Det var nok jevnheten til ostringane som til slutt vart utslagsgjevande. At dei hadde beste etappetid på halvparten av etappane seier også sitt.
Til slutt kan me leggja til at Osterøys mannlege superveteranar vann klassen suverent med Arne Reigstad, Gisle Raknes, Sigbjørn Reigstad og Bjarte Vik på laget.

Mjøsdalen IL menn senior 5. plass 16,04,4

670m Daniel Hanstveit 1,34,8
1167m Brage Hanstveit 3,33,5
407m Leif Rune Herland 57,7
1568m Jonas Skjerven 4,42,9
1167m Håvard Kleppe 3,30,2
593m Mathias Lohne 1,45,3
Seniorgull. Vegard, Magnus, Eirik, Markus, Trygve og Dagfinn
gull til veteranane. Arne, Sigbjørn, Bjarte og Gisle
Vegard sikra gullet på siste etappen