Trass ein trøysteslaus førsteomgang kontrollerte Osterøy kampen frå start til slutt heime mot Kvernbit fredag. Etter ei knapp 1-0 leiing til pause, gira dei gul/grøne opp eit hakk etter kvilda. Kampen enda til slutt 5-1 etter ein morosam 2. omgang på Hatland

 

Eirik Øvsthus gav heimelaget leiinga berre 5 minuttar før pause, i ein omgang prega av mangel på vilje og guts. Bjarte Vik Larsen gjorde framifrå forarbeid på høgre kanten, og leverte ein ferdigskåra pasning til Øvsthus.

Det var òg det einaste av interesse som skjedde i første omgang.

 

I andre omgang var det eit tøffare Osterøy-lag, som ville meir, som entra grasmatta på Hatland. Ein småsjuk Thomas Langeland gjekk ut og Ole Morten Tysse kom inn som spiss. Han sette fart i Osterøy gjennom hardt arbeid og kjemping på topp.

 

Kaptein Kim tar tak

Det gikk då òg berre 10 minuttar før Kim Solberg dobbla Osterøy si leiing etter fine kombinasjonar ute på venstrekanten. Nevnte Tysse var nest sist på ballen. Lått, løye og hotdogs på tribunen.

 

Fem minuttar seinare er kaptein Solberg på farten igjen. Etter litt flipperspel i Kvernbit sine bakre rekker, får SOlberg etterkvart kontroll på ballen, dreg seg forbi eit par forsvarar og klinkar ballen i mål frå 10, 11 meter. Kapteinen viker etter skåringa plass  for Trygve Bru Reigstad.

 

Unødvendig redusering

Eirik Øvsthus spelte seg stort opp i andre omgang og vann mange duellar på midten. Etter 69 minuttar vart han tomålskårar for andre gong på ei knapp veke. Skåringa vart sett inn frå 8-10 meter etter litt kriging i Kvernbit sin 16-meter. No skulle då kampen i realiteten vere over?

 

Men Osterøy har rakna i saumane før. Etter 4-0 skåringen var det eit par uheldige episodar på grunn av konsentrasjonssvikt. Kvernbit får ta over litt, og reduserer berre to minuttar etterpå. Osterøy-keeper, Mathias Riple, er nok misnøgd med dommaren i situasjonen som førte til redusering. Han fomla riktignok litt med ballen, men såg ut til å ha begge hendene på lærkula då den vart pirka ut av grepet hans og i mål. Protestane vart vinka vekk av dommaren, som elles hadde ein tålig god dag på jobben.

 

Tysse rundar av

Trass jevnare spel klarar ikkje Kvernbit å skapa fleire sjangsar etter reduseringa. Osterøy ryddar unna alle framstøt, og svarar i staden berre fireminuttar seinare. Eit innlegg frå høgre treff Ole Morten Tysse på hovudet, og lysluggen stangar inn 5-1. Dette vart òg sluttresulatet.

 

Etter dette tek Vidar Rosnes ut Martin Dyvik, Bjarte Vik Larsen og Jørgen Vevle. Sistnevnte viste svært lovande takter i sin defensive midtbanerolle. Unguten gjekk respektlaust til verks, tråkka til i taklingane og viste godt overblikk og fin pasningsfot. Inn for trekløveret kom Espen Mjøs, samt unngutane Frode Stokke og Robert Dyvik.

 

-Eg er nøgd med resultatet og spelet i andre omgang, er Vidar Rosnes si oppsummering av kampen. -Første omgang var me tannlause, men me spelar oss opp utover i kampen. Me har kontroll og slepp dei nesten ikkje til i det heile. Den defensive tryggheten me viser i dag, skal me bygga vidare på framover. Vonleg vil det resultere i ein auka poenfangst fram mot ferien, sluttar trenaren.

Osterøy – Kvernbit   5-1 (1-0)
Osterøy stadion

01-0: 45 min Eirik Øvsthus
02-0: 54 min Kim Solberg
03-0: 59 min Kim Solberg
04-0: 69 min Eirik Øvsthus
04-1: 71 min
05-1: 75 min Ole Morten Tysse

Nr Spelar Mål (min) Gult Rødt Bytte
1 Matias Riple        
2 Roger Husebø        
3 Stian Aasheim        
4 Andreas Kollvangsnes        
5 Øyvind Øvsthus        
6 Kim Solberg 54′ 59′      
7 Jørgen Vevle        
8 Eirik Øsvthus 40′, 69′      
9 Martin Dyvik        
10 Thomas Langeland        
11 Bjarte Vik Larsen        
Innbyttarar        
12 Ole Morten Tysse 71′     Inn for T. Langeland 45′
13 Trygve Bru Reigstad       Inn for K. Solberg 70′
14 Robert Dyvik       Inn for M. Dyvik 80′
15 Frode Stokke       Inn for B.V Larsen 80′
16 Espen Mjøs       Inn for J. Vevle 80′
17          
18