Kampoppsett

KAMPOPPSETT

1.    Kampane skal vara i 2 x 6 minutt med mogelegheit for 2×8 minutt på søndagen. Handballdelen avviklast først. Finalekampane skal vara 2 x 10 min.

2.    Dei yngste (3. 4. og 5.klasse) gjer seg ferdig laurdag. 6. og 7. klasse spelar også søndag. Alle finaler søndag.
3.    Alle kampar skal ha sitt eige kampnummer og rundenummer. Dei som spelar fyrste runden på bane A får kampnr. 1 i runde 1. I ein runde kan det foregå frå 1 til tre kampar. Finalane spelar på bane B med skiljeveggane oppe. Bane A og C er då ikkje i bruk.

4.    Alle tre sekretariat skal ha liste liggjande på bordet på alle kampar på deira bane med resultat. Resultater skal formidlast etter kvar runde til hovedsekretariatet i foaje.

5.    Hovedsekretariat i foajé har oppslag på komplett kampoppsett med resultatservice og tabellar for dei som skal konkurrera om å verta Osterøymeistar i HaFo.

6.    Oppvisningskampen registrerast på vanlegt kampskjema for handball. Dette gjelder også dei fira finalane på søndag. Fotballmål tel ikkje dobbelt i oppvisningskampen men berre i den vanlige turneringa.

7.    Påmeldinga må skulane ta seg av. Det kan meldast på fleire lag i kvar klasse. Det vert gute jente og miksa klassar. Kan også blanda fleire alderstrinn og melda den på der som ein meiner passar best. Arrangørane vil vera så smidige som mulig men for å få til eit fornuftigt kampoppsett må ein i samarbeid med skulane flytta og forandra litt på laga. Sjå eige oppsett om påmelding med påmeldingsskjema.