Informasjonsskriv

«

Informasjon til alle barneskulane på Osterøy

HaFo-turnering 21.-22.februar 2009

 

 

Vil med dette informere om at HaFo-turnering 2009 vil vert avvikla 21. – 22.februar  i Osterøyhallen for 3. til 7. klasse.

Påmelding til turneringa vil starta i byrjinga av januar. All informasjon om arrangementet vil då verta sendt ut til alle barneskular på Osterøy.

Internettsida www.hafo.infovil vera til hjelp vedr. påmelding og informasjon.

Kva er HaFo?
HaFo er ein omgong med handball og ein med fotball. Omgongane varar maks ti minutt kvar. Det deltek 5 spelarar inkl. målvakt på handballdelen og tilsvarande 4 på fotballdelen. Det kan nyttast inntil tre innbytarar.
I 3 og 4 klasse vil det kun verta miks-klasse.(Ikkje reine jente og gute lag) Det vil verta jente og guteklassar frå 5. til 7. klasse. Miksklasse er også eit alternativ.
Dei yngste spelar laurdag mens 6. og 7. klasse spelar begge dagar med finalar søndag.

Ein vil vera smidige i praktiseringa av reglane for aldersinndeling særleg av omsyn til dei skulane med få elevar.

Konsept

HaFo-konseptet byggjer på dei seks turneringane som allereie er avvikla:

 

          –Gratis for både deltakarar og publikum

          –Premie til alle

          –Ballsidigheit 

          –Alle kan delta                                                                                                           Samarbeid og samhald

          –Gøy og moro

          –Positiv aktivitet

          –Fair play

 

Ansvarleg arrangør er Osterøy IL handballgruppa i nært samarbeid med fotballgruppa i Osterøy IL.

Fortløpande informasjon vil verta å  finn på www.hafo.info og med  påmelding frå byrjinga av januar (ca veke 2).

 

Beste helsing frå arrangørkomiteen:

Kjersti Kleppe Johanne Soltvedt

Aktivitetar

02 mar
03 mar
24 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar