Informasjonsskriv

Informasjonsskriv
HaFo-turnering 24. -25. mars 2007

Kva er HaFo?

HaFo er ein omgong med handball og ein med fotball. Omgongane varar maks ti minutt kvar. Det deltek 5 spelarar inkl. målvakt på handballdelen og tilsvarande 4 på fotballdelen. Det kan nyttast inntil tre innbytarar. Det vil verta
jente og guteklassar frå 3. til 7. klasse. Miksklasse er også eit alternativ.
Dei yngste spelar lørdag mens 6. og 7. klasse spelar begge dagar med finalar søndag.

Ein vil vera smidige i praktiseringa av reglane for aldersinndeling særleg av omsyn til dei skulane med få elevar.

Konsept

HaFo-konseptet byggjer på dei fire turneringane som allereie er avvikla:

•        Gratis for både deltakarar og publikum

•        Premiering til alle

•        Ballsidigheit alle kan delta

•        Samarbeid og samhald

•        Gøy og moro

•        Positiv aktivitet

 Gjennomføring

Arrangementet vil gå føre seg 24. og 25. mars i Osterøyhallen med spel på tre baner på tvers av hallen. Tertnes og Brann vil kasta glans over opninga. Prisen for banas beste er i år eit maleri av HaFokunstnar Kjerstin Njåstad.

Ordførar Kari Foseid Aakre stiller også i år opp for HaFo-konseptet der også markering av Nei til Narkotika er viktig.
HaFosangen vert framført av unge lokale talent med Steinar Vatle som kapellmeister.

Ansvarleg arrangør er handballgruppa i nært samarbeid med fotballgruppa i Osterøy IL.

 5-årsjubileum

I år er det femårsjubileum for arangementet. Tertnes og Brann gjev derfor 5 signerte baller kvar som vert delt ut til 10 av deltakarane. Teiknefilmframsyning i lag med maskot mest for dei yngste. Me vonar på godt samarbeid slek at flest mogeleg av skulebarna kan koma saman HaFo-helga til positiv aktivitet.

Meir detaljar finn ein på www.hafo.info

Beste helsing frå arrangørkomiteen

Anne Lise Hoshovde Tore Langeland Ivar Solberg Tony Lillefosse og Atle Bøe