-Idrettsråd
Idretsråd (noverande navn).
Det er innlevert ein god del arkivstoff som ligg på museet. Noko av dette er overfladisk registrert. Det er intensjon at spesielt fleire årsmeldingar og anna relevant stoff skal skannast og leggast tilgjengeleg på nettet.
Vidar Simmenes jobbar i periodar med dette og er ansvarleg for det som sålangt er lagt ut nedanfor.
Dette er eit fellesorgan som kommunen og idrettslaga står samn om.
Det vart oppretta 1.1.1964 og hadde navnet Ungdoms- og idrottsutval. Osterøy heradstyre oppnemnde/valde medlemer for 4 år (kommunevalperioden. Ungdoms- og idrottsutvalet var og eit organ for andre lag enn idrett og idrettslege interesser.
I det ungdoms- og idrottsutvalet 1964-67 sat desse:
Einar Vevle Ivar O Reigstad(formann) Ole M Mjelde Svein Bruvik og Håkon Bysheim. (varamenn: Osvald Kaland og Malvin Bruvik.
I det ungdoms- og idrottsutvalet 1968-71 sat desse:
Sjur Lohne(formann) Ole M Mjelde Ivar O Reigstad Bjarne Nordås og Håkon Bysheim. (varamenn: Osvald Kaland og Reidar Birkeland.
30.4.1969 godkjende heradsstyret nye vedtekter for rådet og at rådet skal utvidast til 7 medlemmer. 17.12.1969 vedtok heradsstyret at Osvald Kaland også som medlemmer i rådet. Det 7. medlemet skal skulestyret nemna opp. I tillegg skal alle medlemane no ha personlege varamenn.
I det ungdoms- og idrottsutvalet 1972-75 sat desse:
Sjur Lohne(formann) Eldbjørg Stegane Engebø Norvald Vedå Ole Johan Faugstad Håkon Bysheim Osvald Kaland Morten Svensson og Eva Lillejord. I tillegg hadde alle desse personlege varamenn.
Det har ikkje vore noko systematisk arkivering eller å ta vare på doumentr m.m. som utvalet har handsama men noko er teke vare på og innlevert. Det vert samla kronologisk og inngår i idrettsarkivstoff på Osterøy museum. I arkivet er det forutan utvalet sine årsmeldingar også styremøtepapir og uttale budsjettsaker proioriteringar m.m. Det ligg også ein god del dokument som gjeld idrettsplassar o.l.. Noko av dette vil også finnast i eigne dokumentsamlingar for einskilde anlegg.
Årsmeldingar:
Osterøy ungdoms- og idrottsutval. 1964 1965 1966 1967 1968oversikt idrottslaga 1968 1969 1970 1971 1972svakskrift 1973 1974svakskrift
Årsmeldingar:
Kontaktutvalet for idrettslaga i Osterøy: 1973referat årsmøte 1973referat 1974 1975 1976 1977 1978 1979 1980 1981 1982 1983referat 1984 1985 1986 1987 1988 1989 1990 1991 1992
Årsmeldingar:
Osterøy idrettsråd: 1996 1997 1997referatekstrårsmøte 1998referatekstraårsmøte 1999 2000 2001referat 2001referatekstraårsmøte 2002referat 2003 2004 2005 2006 2007referat 2015
I arkivdokumenta ligg det også årmeldingar m.m. som gjeld andre lag enn Osterøy IL. Desse er i noko grad for idrettslaga også skanna og linka opp her.
Hausvik FK 1968 1969 1970 1971 1996
Mjøsdalen 1969utdrag 1970utdrag
Skaftå IL 1970
Valestrandsidrettsforening 1985