Dei gode hjelparane 3


Anders L. Eriksen

Turn for dei minste

Det yrar av liv i Osterøyhallen. Det er onsdag og høg prinsessefaktor på turn for aldersgruppa 4 til 6 år. Nesten like mange vaksne som ungar, men dei vaksne er henvist til tribuna for å sjå sine unge håpefulle derifrå. Nokre vaksne vert igjen på bana. Blant dei som stiller opp kvar onsdag finn me Anders Lillefosse Eriksen. Han har verken fritidsproblem eller andre unnskyldningar for å vere her, men sonen Nikolai er her, og "då er det kjekt å kunna vere med å hjelpa til, sjølv om eg ikkje har drive med turn" fortel Anders. Det er hektisk, 40-50 gutar og jenter skal frå den eine stasjonen til den neste. Anders står ved bommen, og over går framtidas turnhåp baklengs med erteposar på hovudet! Då er Anders si hand trygg og god å støtta seg til! 

Tekst og bilde: Åse Bergheim