HaFo 2007

Arrangementsinformasjon HaFo 2007

HaFo 2007 gjekk føre seg  24. og 25. mars i Osterøyhallen. Dette var femårsjubileumet  for HaFo-turneringa.

Opninga starta laurdag kl. 10.00 i ein fullstappa Osterøyhall.
Den offisielle opninga tok kommunesjef for oppvekst Astrid Brandal Øvsthus seg av.
Arrangørstaben stod oppstilt i ein H og F mot publikum markerte samarbeid og samhald og arbeidet mot narkotika med å snu ryggen til hand i hand før HaFo-sangen vart framført live med orkester og deretter stillte seg opp for å klappa inn Tertnes og Brann-spelarane som viste alle korleis HaFo kan spelast med stor innsats og mykje gøy og moro.
Oppvekstsjefen vår stod i arrangørgenser og deltok på denne markeringa.                                                                                                                              
Henning Neu Hoshovde og Mats Neu Hatland med orkester var våre unge lokale talent som framførte HaFo-sangen på ein framifrå måte.    

Tertnes og Brann stillte med to svært gode lag med mange kjente profiler. Erlend var kaptein på Brann med Monsen som lagleiar. Han hadde eit kort innhopp på handballdelen. I ein velspela kamp der Brann imponerte i handball og Tertnes var betre i fotball enn før vart resultatet uavgjort 7-7 etter at Erik Huseklepp skora på straffe eit halvt minutt før slutt etter ei felling av Gashi.

Ordførar Kari Foseid Aakre deltok i opninga og delte ut banens ”beste” pris til Gashi etter imponerande innsats i handballdelen. Prisen var eit flott maleri laga av HaFo-kunstnar Kjerstin Njåstad.

Alle på begge lag fekk utdelt kvar si rose av dei unge aktive i arrangørstaben som ein symbolsk takk.

Tertnes og Brann tok seg god tid til å skriva autografar i Sal C etter oppvisningskampen.

Klokka 11.10 tok HaFo-turneringa til med spel på to baner på tvers av hallen fram til 11.30.
Då var autografskrivinga ferdig og alle tre banene vart tatt i bruk.

Det var premieutdeling for dei yngste på laurdag medan 6. og 7. klassetrinn spelte seriespel
med 6 finalar på søndag.
Totalt 347 deltakarar fekk kvar sin HaFo-medalje og med 51 lag vart det avvikla 100 kampar HaFo-helga.

Sal av frukt i år også. Nytt for årets arrangement var sal av Cold Cat som er eit sunnt alternativ til hot dog.
Dette vart svært godt mottatt også blandt den yngre garde.
Teiknefilmframsyning non-stop i ein garderobe som i lag med maskot  gjorde arrangementet meir familievennleg.

HaFo feira 5 års jubileum og arrangøren kunne i samarbeid med Tertnes og Brann dela ut 5 signerte Tertnes-baller og 5 signerte Brann-baller til 10 av deltakarane under arrangementet.

TV 2 sendte på lørdagskvelden eit lite innslag frå opninga på riksdekkande fjernsyn.