MINNEORD MONRAD MYKING

Det var for sin store administrative innsats Monrad vart utnemnd til heidersmedlem ved 75-årsjubileet til idrettslaget i 1993. Han var skrivar i hovudstyret samanhengande i åra 1980 til og med 1992. Seinare reviderte han rekneskapet nokre år. Monrad var også mangeårig leiar i kontaktutvalet for idrett og eit engasjert medlem i fellesbanestyret for idrettsbaner på Osterøy.

I alle år og i alle verv var Monrad samvitsfull og pliktoppfyllande. Som skrivar var nøyaktig og oppteken av at gruppene kom med gode årsmeldingar der bestemte opplysningar måtte vera med. Dette kom til nytte i arbeidet med jubileumsboka til Osterøy IL, der Monrad sjølvsagt også bidrog som munnleg informant. Åra i styre og utval bar preg av tunge tak og mykje anleggsutbygging. Monrad engasjerte seg sterkt i bygginga av Osterøy Stadion tidleg på 1980-talet og klubbhuset i 1991. Ikkje minst spelte han ei sentral rolle då klubbhuset fekk overført midlar frå ĢLonevågshalliģ. Han gjorde også ein stor jobb då idrettslaget selde reklameskilt rundt Osterøy Stadion.

Monrad var ikkje noko aktiv idrettsutøvar, sjølv om det finst nokre kuleresultat i arkivet. Trimming og fjellturar var meir i hans gate. Men som funksjonær deltok han på eit utal små og store friidrettsarrangement. Ofte sat han i sekretariatet, der resultat og poengrekning var hans spesialitet. Han var heile sitt arbeidsaktive liv tilsett ved det som no heiter Gunnebo Anja Industrier i Lonevåg, der han var ansvarleg for rekneskapsføringa. På sine eldre dagar koste han seg over sportsleg aktivitet og framgang frå tilskodarplass, og fekk mellom mykje anna gleda seg over lagsrekorden til barnebarnet Kjetil Stokke i spyd.

Monrad var oppteken av breiddeidrett og av at born og unge skulle få gode forhold. Spesielt var han oppteken av og glad i Osterøy Stadion – som han alltid omtalte som Ģsentralidrettsanleggetģ i kommunen. OIL Friidrettsgruppa er svært takksame for at minnegåver i samband med gravferda skal gå til nytt utstyr ved anlegget. 

Gravferda vert 17. april frå Gjerstad kyrkje med den næraste familien.  Like kjært som blomar er ei gåve til Osterøy IL/friidrett kto. 3632.54.56676 eller vipps 121337. merka Monrad.  Pr. 27.4. er det registrert  kr. 11305 i minnegåver. Takk for det.

Me lyser fred over minnet til Monrad Myking.