Flott turvegmarkering (25 års) på Valestrand torsdag 14. mai 2015
Sol og fin vårstemning på Reigstad der i overkant av 100 deltok på markeringa.
Sol og fin vårstemning på Reigstad der i overkant av 100 deltok på markeringa.
Valestrand Musikklag fekk seg ei fin treningsøkt før 17. mai og fekk applaus frå alle frammøtte.
Området her og utgangspunkt for tur opp Reigstaddalen
Valestrand Musikklag
x
x
Karl J Reigstad gav eit tilbakeblikk på turvegprosjektet Reigstad – Åsen – Brakvatnet.
Då har venteleg musikklaget kontroll på det meste (utanom været) før 17. mai
Turvegane er og tenleg for dei som må ha hjelp med å ta seg fram i den fine naturen rundt Reigstad – Åsen – Brakvatnet. Det oppgraderte turvegnettet har og ved nokre høve også vore reserveveg når andre vegar har vore stengde.
Etter musikk av Valestrand musikklag la dei fleste ut på ein marsj frå Reigstad og rundt Brakvatnet. Den frivillige «startpengane» til turvegane som vart innbetalt idag var kr. 7.452,-. I tillegg er det fleire som har betalt inn eller vil betala inn til turvegkontoen 3626.50.62312. Samla sum som vart innbetalt kontant og i bank i samband med markeringa vart kr. 12.553
Dei registrerte deltakarane fekk også eit fredsmarsjmerke som minne og takk for innsatsen.
Førehandsomtale.
Det har gått 25 år sidan Kåre Birkeland fekk realisert sin kongstanke om turveg Reigstad – Brakvatne. Komiteen som no styrer med pengar og vedlikehald, ynskjer å markera jubileet og innbyr til jubileumsmarsj/-løp Kristi Himmelfartsdag kl. 13.00 med frammøte og start på Grønstølen på Reigstad. (Grønstølen er i området ved målgang testløp på Reigstad) Løypelengd på marsjen frå Grønstølen og rundt Brakvatnet og til Grønstølen er omlag 4,5 km.
Marsj med musikk
