BRAKVATNET RUNDT VINTERKARUSELL 2014/15

Me prøver eit tilbod til alle kategoriar trimmarar og aktive løparar i den populære løypa rundt Brakvatnet (1 runde 2,6 km). 

Fint som test på vinterform. Frivillige startpengar går uavkorta til vedlikehald (grus/og drenering av veg og sti). 

Ansvarlege for turvegprosjektet: Helge Reigstad, Karl J Reigstad og Vidar Simmenes.   Arrangør for vinterkarusellen: Osterøy IL/Friidrett.

Start kl. 14.00 første laurdag i dei 4 neste månadane, ved badeplassen.  1.løp 6. des. Valfritt 1 eller 2 rundar.

Med atterhald om endringar og føre, vert dei neste løpa lørdagane  3. januar,  7. februar og 14. mars med start kl. 1400

Turvegprosjektet Reigstad, Åsen og Brakvatnet rundt har 25 års markering i mai 2015. Vi vil då freista å få til ei markering med løp, rebus m.m. 

Løypekart og foto rundt Brakvatnet. 

Sidan 1990 har det vore gjort mykje med forbetring/bygging av nye skogs/turvegar i området Reigstad, Åsen og Brakvatnet. Det er innsatsen til Kåre Birkeland, grunneigarane saman med gåver frå folk i området å takka at vi har fine vegar i desse områda.

Karl J Reigstad grov og grusa gangveg frå Åsen til Vardalen i 1997 der Osterøy IL/Valestrandsgruppa har kosta noko dette. Det har gjort det mogleg å arrangera løp/marsj rundt Brakvatnet. Ole Bull løpet lang løype går rundt Brakvatnet frå 2005. Frå 2007 vart det og årleg arrangert Brakvatnet halvmaraton.

Det forbetra vegnettet er veleigna til turvegar og vert meir og meir nytta både for turgåarar som til kondisjonstrening.  I samband med VM løp «innsamlingsløp», kome inn kr. 20.198.- frå  «joggarane» som er nytta til grus og vedlikehald av dette vegnettet.

Løp som går heilt eller delvis rundt Brakvatnet

Brakvatnet halvmaraton   Ole Bulløpet    Valestrandsmarka Rundt

Foto 29.11.2014. Sålangt i vinter er det grønt og fint rundt Brakvatnet. På andre sida sida av vatnet skimtar ein badeplassen der start og mål er.

Dette kartet viser Brakvatnet rundt. Brakvatnet halvmaraton har ein litt lengre startrunde.