Nytt joggetilbud!

Trening for mosjonistar på Brakvatn torsdagar klokka 18 30


Første treningstur på kvinnedagen 8. mars

Som fleire av dykk sikkert veit, diskuterte vi rekruttering på klubbutviklingskvelden.
I samband med det har Herdis Helle og Marit Iren snakka om å prøve å få til ei trening i veka for mosjonistar.
Det vert – i allefall førebels – torsdagar klokka 18.30 på Brakvatn.
Vi startar med ei rolig runde rundt Brakvatn.
Etterpå vert det stigningsløp og intervallar ved badeplassen for dei som har lyst på ei litt hardare økt.
Tanken er at dette er ein måte å trene på som er lett å tilpasse til den einskilde sin individuelle form.
Alle er velkomne, både dei som har sprunge litt før og dei som er nybyrjarar.

Aktivitetar

18 feb
Valestrandsmarka Rundt
Furubakken idrettsplass
23 feb