Årsfest 2011

Stadionbygget 4.2.2012. Koseleg årsavslutting for 15 år og eldre.


Ikkje uventa vart Markus Loftås årets utøvar. Hans sportslege innsats er imponerande og heilt i norgestoppen. 

I tillegg til supergod servering var det tradisjonelle innslag med bildemimring frå sesongen 2011, kviss og ikkje minst premieutdeling. I overkant av 30 personar var på plass og fekk med seg ein fin kveld i stadionbygget.
(14 år og yngre si premieutdeling for sesongen 2011 vert i samband med hopp u.t. i Osterøyhallen måndag 13. februar kl. 1830).

Link til sesongen 2011

Ventar på "sitt ned"

Om ikkje alle fekk premie, så vart det iallefall ei matoppleving

Osterøy friidrett (OF) premierte gutar 19 år og yngre. Frå venstre vinnar Markus Loftås,  Sondre Loftås Kåstad, Vebjørn Borge, Erlend Mjøs, Trygve Mjelde, Sebastian Haugland, Kristian Hansen og Markus Markmanrud

Sigrid Borge nr. 3 i OF for jenter 19 år og yngre

Osterøy friidrett (OF) premierte kvinner senior. Frå venstre vinnar Hilde Aasheim, Helga Reigstad, Sigrid Borge og Bente R Midtun



Osterøy friidrett (OF) premierte menn senior. Her var det også ein ung dominans. Frå venstre vinnar Markus Loftås, Vebjørn Borge, Sondre Loftås Kåstad, Trygve Mjelde, Sigbjørn Reigstad og Kjetil Stokke

Osterøy friidrett (OF) premierte menn veteran. Frå venstre Vidar Simmenes, vinnar Johan Bergesen og Karl J Reigstad

Osterøy friidrett (OF) premierte kvinner veteran. Frå venstre Helga Reigstad og vinnar Bente R Midtun



Kjetil Stokke og Markus Loftås ansvarleg for ein av fleire kvissar denne kvelden.

Utmerking for største poengsankarar på respektive 1. lag i seriane.
Frå venstre Johan Bergesen (MV), Bente R Midtun (KV), Hilde Aasheim (KS og Markus Loftås (Guar og MS).  For jenter var største poengsankar Marianne Feidje Mjelde.

Premie for nye senior lagsrekordar senior. Frå vesntre: Markus Loftås, Vebjørn Borge, Hilde Aasheim, Erlend Mjøs og Markus Loftås

Utdeling av1000poeng nålar. Frå venstre: premieutdelar Karl J Reigstad, Sigrid Borge, Sondre Loftås Kåstad, Vebjørn Borge og Markus Loftås. (Kristoffer Vikne og Marianne Feidje Mjelde får sine 1000poeng nåler ved hoppstevnet i Osterøyhallen 13. februar).

Sigrid Borge, Sondre Loftås Kåstad, Vebjørn Borge og Markus Loftås.

Åse Bergheim delte ut stimulansepremiane for 2011.  For gutar gjekk utmerkinga til Trygve Feidje Mjelde. Åse trekte fram m.a. Trygve sin målretta innsats fine resultat på mellomdistanse. I tillegg  også han innsats utanfor bana både administrativt og i sosiale samanhengar.  Stimulansepremien for jenter gjekk til Siri Hauge (ikkje tilstades).

Elise Vikne fekk stimulansepremie for senior. Elise har "spesialisert" seg på motbakkeløp og er på veg inn i norgestoppen. Ho har tidlegare og fine resultat frå bane og hopp u.t. og vi har forventningar til at ho også dukkar opp att i statistikkane i fleire øvingar i åra som kjem.