Lei start på utesesongen

I samband med dugnad for friidrettsgruppa var Sigbjørn uheldig og fekk ein pallejekk over fotbladet.

Den ellers så aktive Sigbjørn som har konventert frå hopp/sprint til lengre løp har trent godt og var i godt slag før 1. løp i Valestrandsmarka (som går ikveld).

Det var i samband med dugnad med flytting av eit varelager Sigbjørn og dugnadgruppa var litt for ivrige og sette ein palle ned på foten til Sigbjørn.

Sigbjørn er optimistisk, men ergrar seg over ei forventa god plassering og poeng i det første løpet i Valestrandsmarka.

Det har ikkje lukkast å få informasjon om kven som kjørte pallejekken. (men fototipset er forsåvidt like bra).

No har ikkje akkurat føtene til Sigbjørn før heller voro noko utstillingsobjekt.

I tillegg til tydlege sår/klemskade, ber foten og tydeleg preg av manglande reinhald og trange sko.