Lørdagstrim på 53 km

18. oktober 2008 og laurdagsjogg på 53km. Etter 5 timar og 31 minutt var førstemann tilbake til startstaden på Valestrandsfossen. Ekstremsport på sitt verste ?

Startklare på Valestrand ( Geir, Jørgen, Espen og Sigbjørn)

Start kl. 1000 ved ballbingen deira Valestrand, stod 4 karar (Sigbjørn, Espen, Geir og Jørgen) klare til å ta ut. Løypa i år gjekk til Hauge, Lonevåg, Fitje, Njåstad, ned Sagsliveien, Bruvikdalen, Bruvik, Kvisti, Haus, Votlo, Reigstad med mål ved ballbingen.  Totalt i overkant av 53 km.
Vêrgudane var ikkje heilt med gjengen, utan at dette sette ein dempar på stemninga.
Yngstemann byrgja å kjenna det alt i Lonevåg, då var fristelsen til å besøkja onkelen stor, men han beit tenna saman og fortsette.  Når Fitje vart passert slakka han ned farten og lot dei andre springa i eige tempo.

Følgjebilen tok i mot løparane på Bruvik, ca 30 km var unnagjort om lag 3 timar. Her var det bytte av klede og påfyll av mat og drykk før ferda gjekk vidare. 

3 ungdomar hadde kome til (Markus, Trygve og Vebjørn). Dei skulle springa til Haus.

Om lag 20 min etter dei 3 fyrste kom Espen.  Målet om å koma seg til Bruvik var nådd!

Mot Haus vart det litt avstand mellom løparane.  Geir følte at han hadde ein del krefter att som han måtte få ut, så han stakk frå dei andre.  Jørgen hadde ein periode der han sleit litt, så han sakka litt akterut. 

Då Leknesflaten stod for tur var Kongen av Viknåflatane på plass med XL2.  Sigbjørn var her ca 100 m framfor Jørgen, medan Geir var kome til stigningane på Votlo (ca 4 km leiing).

Jørgen tok att Sigbjørn i stigningane på Votlo. Sigbjørn sleit nok ein del på dette stadiet, medan Jørgen hadde fått ny energi (var det inntaket av XL2?)

Geir vart den fyrste som passerte mållina på 5 timar og 31 min, nr 2 vart Jørgen på 6 timar og 10 min og Sigbjørn på 6 timar og 29 min. 

Sigbjørn var ikkje nøgd med eigen innsats, så vi ventar med spenning på kva påfunn som kjem i 2009.

Takkar for ein artig tur med 4 smågale løparar.

Helsing OJ (i bil, men ikkje over Reigstaddalen)

 

Bilde 18.10.2008  Ole J Mjøs

Startklare på Valestrand ( Geir, Jørgen, Espen og Sigbjørn)

OJM med følgjebil.  Jørgen til Bruvik og berre ca 23 km til mål.

Geir

Jørgen og Sigbjørn med påfyll

Sigbjørn

Espen

Espen

På Bruvik kom 3 ungdomar  til (Markus, Trygve og Vebjørn). Dei skulle springa til Haus.

Jørgen passerar på Vik

Spesialblanda styrkedrykk til Sigbjørn

Geir i Reigstaddalen

Geir årets vinnar

Jørgen

Sigbjørn endeleg i mål

Jørgen og Geir ventar på Sigbjørn

politi i sivilt (ikkje så ulik oss andre)