Dommarkurs 17. og 18. februar

Dommarkurs 17. og 18. februar i Stadionbygget/Osterøy Stadion

Friidrettsgruppa arrangerer ei rekkje større og mindre stevner i løpet av eit år, og for å få resultata godkjende er me avhengige av eit visst antall dommarar pr stevne. Med bortfall av automatpengane frå 1.juli vert gruppa nødt til å satsa endå meir på arrangement for å få økonomien til å gå rundt. Derfor satsar me no på å halda eit dommarkurs på Hatland 17.-18.februar.

 

Å ta dommarprøven er ingen heksekunst, dei fleste aktive og foreldre har så pass med erfaring at dei med litt hjelp frå regelboka klarar testen uten større problem (etter kurset).

 

I løpet av kurset blir kjente og mindre kjente reglar gjennomgått, og søndagen vert avslutta med ”eksamen”. Forelesar vert Odd Lahn-Johannessen.

 

Timeplan:        

                        Lørdag 17.februar kl 1000 – oppstart

                                                 ca kl 1600 – ferdig 1.dag

 

                        Søndag 18.februar kl 1100 – start 2.dag

                                                  ca kl 1600 – ferdig m/prøven

 

Det blir servering undervegs i kurset.

 

Me oppfordrar alle aktive (over 16 år) og foreldre som ikkje har tatt dommarkurset før til å delta!!

 

Dei dommarane som treng fornying av sitt dommarbevis kan delta på delar av kurset (f.eks oppsummeringa søndagen) og få dette godkjent.

 

 

Påmelding til:

                        Sigbjørn Reigstad

                        Flatevad

                        5282 LONEVÅG

 

                        epost: sigbjorn.reigstad@nordea.no

zigbjoern@hotmail.com

           

                        tlf:        930 64 218 (mob)

                                   56 19 39 81 (arb)