Fossdal takkar for seg etter sesongen – Ny trenarduo med gulgrønt blod er allereie på plass

Biletet over – Suksesstrenar: Vidar Fossdal har etablert Osterøy sitt herrelag i 4. divisjon. Etter 5 år i sjefsstolen takkar han for seg etter inneverande sesong. (Foto: Thor Eivind Mjelde, Osterøy IL)

– Fotballen i Osterøy IL betyr mykje for bygda vår og eg er særs takksam for at eg får trå til side på eit tidspunkt der laget, troppen og apparatet rundt aldri har vore betre, seier Vidar Fossdal.

– Me har hatt ein jamn og god utvikling sidan eg tok over og eg har enorm respekt for spelargruppa og den jobben dei har lagt ned. Vidare er eg kjempenøgd med at klubben har klart å få på plass ein avtale med Vidar og Kim. Kombinasjonen av deira faglege kompetanse, kjennskapen og tilliten dei har i gruppa gjer dei til eit særs godt val. Framtida ser lys ut.

Den avtroppande trenaren si vurdering vert støtta opp av sportsleg leiar i fotballgruppa, Stig Eknes.

– Vidar har over dei fem siste åra gjort ein formidabel jobb med laget. Han har tatt oss frå å vere eit av dei betre laga i 5. divisjon til å bli eit stabilt godt 4. divisjonslag. Styret er særs nøgd med jobben han har gjort, seier Eknes. 

– Me takkar han sjølvsagt for innsatsen og ønskjer han lukke til i framtida. Samstundes er me glade for at me har kome fram til ei løysing med to fabelaktige arvtakarar frå eigen klubb. Både Solberg og Rosnes brenn for Osterøy og me er viss på at dette er den beste løysinga for klubben, seier Eknes

Arvtakarar: Tidlegare a-lagstrenar Vidar Rosnes
.. (Foto: Thor Eivind Mjelde, Osterøy IL)

Vidar Rosnes har tidlegare vore trenar for Osterøy sitt a-lag og har vore ein del av teamet rundt laget også denne sesongen. Han er i tillegg trenar for klubben sitt damelag, ei rolle han skal halda fram i også neste sesong.  Kim Solberg på si side har flest a-kampar for klubben og har i tillegg til å vere hovudtrenar for G16 laget vore sterkt involvert kring G19 laget denne sesongen. To rutinerte, fotballfagleg sterke karar som begge ser fram til å ta over ansvaret for flaggskipet på herresida i klubben.

– Opplevinga eg har hatt etter eg kom inn i gruppa i vår gjorde at eg ikkje brukte lang tid til å takka ja då eg vart spurt, seier Rosnes. – Eg gleder meg til å vidareutvikle dette laget vidare saman med Kim’en.

– Eg ser ōg fram til utfordringa, seier Solberg. – Me arvar ein solid tropp og Vidar og eg jobbar godt i lag.  Så dette trur eg skal bli bra saker. Me kjem til å gå i gang så tidleg som mogleg med planlegginga av komande sesong og det første målet er å behalde så mange spelarar som mogleg.

– Ja, det er ei gruppe spelarar med mykje rutine som me absolutt treng med vidare, legg Rosnes til.  – Me har ōg ei gruppe spelarar som har etablert seg bra på dette nivået – og me har ein del unge, lovande talent på veg opp og fram. Det er ein positiv giv i gruppa, vonleg vil me kunne oppretthalde denne, sluttar Rosne

Arvtakarar:
og klubblegenda Kim Solberg tek over ansvaret etter inneverande sesong.  (Foto: Thor Eivind Mjelde, Osterøy IL)