Full rulle på «Mi første fotballtrening»
Treninga vart leia av Stein Erik Kollvangsnes (trenar for J14) og Kim Solberg (trenar for G14). To karar med lang fartstid som både spelarar og trenarar i klubben. Med seg hadde dei Sofie (J14) og Markus (G14) som «assistentar». Dei nyankomne rekruttane hadde med andre ord kompetent oppfølging på den timelange treninga.
Bilete: Å stoppa ballen med sålen gikk greit, men….
Bilete: …det var mykje kjekkare å stoppe den med rompa!
Medan foreldre og føresette fekk informasjon om klubben og korleis den vert driven, gav dei komande fotballspelarane alt dei hadde både i øvelsar og spel i solskinet i Fugledalen. I første øving skulle alle føre ballen rundt på ei lita bane og stoppe ballen med innsida eller sålen av foten når rett signal vart given. Øvinga tok først avgarde når eit tredje signal vart innført. Då skulle dei nemleg sette seg på ballen! Langt morosamare enn å stoppe ballen med foten.
Biletet: Full tenning og topp innsats i spel. Både medspelarar og motspelarar ønskjer ballen.
Etterkvart fekk ungane prøve seg i spel. Det tok ikkje lang tid før dei skjønte kva spelet går ut på; nemleg å få ballen i mål. Kven dei tok ballen frå, med- eller motspelar, spelte mindre rolle i jakten på mål, ære og berømming. Og; dei kunne juble! Ingen innøvde scener, men spontan glede. Skøy å sjå på!
– Dei var kjempeflinke, oppsummerte Stein Erik etter trening. – Fantastisk innsats, og dei var veldig flinke til å høyre etter og gjere det dei fekk beskjed på. Det er ikkje alltid like lett. Ikkje ein gong for meir røynde spelarar. Sporstsleg leiar i Osterøy Fotball, Stig Eknes, skein om kapp med sola. – Supet frammøte og kjempeartig å sjå dei yngste i aksjon! Det er dette som er Osterøy si fotballframtid. Men me har plass til fleire, konkluderte han.
Har du ein førsteklassing som har lyst å spele fotball? Ta kontakt med oss i fotballgruppa for meir informasjon.
Biletet: Skårer ein mål, høyrer jubelscener til. Sånn er det berre.
Biletet: Skot trening!