J7 i «dytten» i Arna

– Førre helg vart det både sigrar og tap, samt nokon kampar me er usikre på resultatet i, flirer trenar Eilen Olsnes. Denne helga derimot gjorde me reint bord og gjekk sigrande ut av alle 6 kampane.

Jentene har stilt to lag i miniturneringane; Osterøy Gul og Osterøy Grønn. Innsatsen er det ikkje noko å seie på verken i kamp eller på trening.

– Me har veldig godt treningsframmøte, seier Olsnes. – Og jentene har det veldig kjekt i lag.

Laget, som vert trent av Olsnes og Siri Beate N. Hella, starta med treningar i fjor og var med på cup’ar i Åsane, Haus og på Valestrand. Dei hadde med andre ord fått smaken på dette med å spele kampar når koronapandemien slo til for fullt. 

–  Dei har spurt om å få spela kampar i lengre tid no. Lengta etter å få konkurrera har vore stor. Berre dette med å få ha på seg drakt er viktig, fortel Olsnes. Det var difor veldig tente jenter som entra «bingane» i Arna desse helgene. Dei gav full pedal og skal ha skryt for stor innsats og idrettsglede.

– Berre sjå på bildet av oppvarminga! Tenk å ha det så gøy med nokre få spurtar, sluttar Olsnes.

God stemning under oppvarming.

Denne vegen mot mål!

Måååååål!

Kontroll i bakerste ledd

Berre kom!

Få tak i den ballen!

Takk for kampen – koronastyle