Utfordringar kring kamptilbod løyst med godt samarbeid

Biletet: Kaptein Hermann Beckstrøm er ein av spelarane i Osterøy sin a-lagstropp som framleis held junioralder. (Foto: Thor-Eivind Mjelde). 

Løysinga har vorte at Osterøy Fotball på kort tid har fått på plass eit nytt G19 lag – i tillegg til samarbeidslaget mellom Osterøy, Fotlandsvåg og Hausvik som allereie er godt i gang med sin sesong.

– I Osterøy har me 5-6 spelarar i seniorstallen som enno ikkje har fylt 20 år, fortel sportsleg leiar Stig Eknes. – Me hadde eit sterkt ønske om å få til eit så godt kamptilbod til desse i haust. Me kontakta difor fleire klubbar rundt oss som ikkje hadde eige juniorlag for å høyre om dei hadde spelarar som var i samme situasjon våre. Målsettinga var at flest mogleg skulle kunne tevla i haust. Samtalane vart særs godt motteke, fortel Eknes.

Grunna begrensingar i Hordaland Fotballkrets som seier at ein berre kan mønstra eitt samarbeidslag i kvar årsklasse, samt korte søknadsfristar for dispensasjonar, vart løysinga at spelarane måtte melde overgang frå sine respektive klubbar til Osterøy IL.

-I tillegg har me henta opp spelarar frå vår store G15 gruppe for å kunne stille mannskap til seriespel, fortset Eknes. – Dei vil få god matching på dette nivået. Han legg til at det er svært viktig for den sportslege leiinga at det nystarta tilbodet ikkje går på bekostning av det allereie etablerte samarbeidslaget i G19 klassen. -Det skal vera eit supplement for å gi flest mogleg kamptilbod fram til ein eventuell oppstart av seniorfotballen, sluttar Eknes.

Biletet: Remi Søvik (med ball) frå Dale IL er ein av spelarane som nyt godt av det nyetablerte G19 laget. Søvik skåra Osterøy sitt mål i laurdagens kamp mot Smørås. (Foto: Thor-Eivind Mjelde) 

Trenarane for det nyetablerte G19-laget er Vidar Fossdal og Kim Solberg. Dei er strålande nøgd med jobben som er gjort for å få opplegget i hamn. Samstundes rosar dei kringliggande klubba på fastlandet som har ønska samarbeid og at ein i lag har fått til aktivitet i ein krevjande koronasituasjon.

 – Me har plass til fleire spelarar, så om det er klubbar i nærleiken med spelarar i junioralder som ikkje har eit tilbod i dag, er dei velkommen til å ta kontakt med oss, seier Solberg. – Saman kan me halde dei i gang til situasjonen betrar seg.

G19 laget har no gjennomført to kampar og det er tydeleg kor viktig det er å komme i gang med kampar og treningar med fullkontakt. På denne måten vil ein stå betre rusta dersom det vert opna for seniorfotball seinare i haust.

Det vert vist mykje god fotball frå aldersfastsette lag i Fugledalen om dagen og me oppmodar vårt trufaste publikum til å heie fram ungdommane våre i ei tid der ein må venta på oppstart av seniorfotballen. 

Johannes S. Loftås (t.v) og Simen Bjørsvik (med ryggen til)  er to av profilane på G15. Dei er blandt spelarane som no får brynt seg på G19 nivå. Niklas Solberg (t.h) er fylt 16, men har vore i a-stallen sidan i fjor haust. (Foto: Thor-Eivind Mjelde)