Snart 100 år og oppegåande!

Meir om Osterøy IL  med m.a.  foto og dokumenter.

Meir om Osterøy IL  med  foto og dokumenter.    

Arbeidet med å gje ut eit hefte/bok om laget er godt igang. Forteljarkveldar og samlingar har alt resultert i meir stoff til jubileumsboka som vonleg skal vera klar før jul i 2017 (laget er 100 år i februar 2018). Bjarte Vik er hovedredaktør for boka. Det er og ei «redaksjonsnemnd» som vert leia av Elin Herland).

I tillegg vert det og samla inn og registrert lagsdokument og foto som skal inngå i laget sitt arkiv.  Noko av dette arkivstoffet skal venteleg overførast til Osterøy museum og lagsarkivet der.

Mykje av lagsarkivet (tilbake til 1918) vert skanna og lagt ut på websida.  Dette er arbeid som Vidar Simmenes heldt på med. 

Det er nok ein del materiell og foto som er i einskildpersonar si varetekt.  Det er ønskjeleg å få tilgang til dette (innlevering eller avfotografering).  Ta kontakt til Vidar Simmenes  vidsimm@online.no    eller 91322643