– På tide å melde på lag i Ribbecupen

– Påmeldingsfristen er satt til 16. desember, som er komande onsdag, men det er ikkje uvanleg at folk ventar i det lengste med påmeldinga, seier Jørgensen. – Men det er klart, for oss som skal arrangere er det veldig greitt å få laga på plass så snøgt som mogleg slik at planlegginga av arrangementet ikkje vert eit «hastverksarbeid» dei siste dagane inn mot cupen. Me skal jo ōg feire jul.

Jørgensen fortel at ein på oppmoding frå folk i år har lagt til ein klasse for folk som er i sin beste alder; 50+-klassen. – Siste åra har nivået på laga i mosjonsklassen blitt noko betre enn det var tidlegare. Det har gjerne medført at vaksne deltakarar fell gjennom og ikkje vil vera med. Me håpar på at dette vil verta eit populært tilbod. Det er jo ōg i denne klassen dei verkelege «skillsa» kjem til å komma fram; Osterøy renn jo over av gode, gamle fotballspelarar som trakterte sine kunstar på grus – og på Brubakkane før det igjen. Etter det eg høyrer på tribuna under heimekampane til a-laget går desse gamlekarane utanpå dei som er aktive i dag.

Eigen dameklasse tvinga seg fram i 2014 etter at det tidlegareår vart forsøkt – men ikkje var nokon suksess. – Det er nokre jenter som ikkje kviar seg for å spele i mosjonsklassen, men då eit par påmeldte lag ville trekke seg, snekra me saman dameklassen att i fjor. Det var 4 lag med – noko som er bra. 6-8 lag hadde vore enno betre, så det er berre til å melde seg på, oppmodar Jørgensen.

– Aktiv klasse reknar eg med kjem til å ordne seg av seg sjølv. All den tid det er fles familiekjære folk i mosjon-, dame og 50+ klassane tek me sikte på gruppespel for desse klassane 27. desember – «formel 1» klassen gjer opp seg immellom 2. juledag. OM ikkje påmeldinga tvingar fram endringar – det vert i så fall informert om på nettsidene våre og på Facebook, sluttar Jørgensen.

Påmeldingsskjema er å finna på www.ribbecupen.no