Byggtorget Ribbecup rundt hjørnet!

– Aktiv-klasse gjer me ikkje noko med. Den funkar bra som den er, seier John Erik Jørgensen i OIL Fotballgruppa til osteroyil.no. – Endringane kjem i Mosjon- og den nyoppretta dameklassen.

– Kva er årsaka til endringane?

– Me har merka ein liten nedgong i antall påmelde lag i mosjonsklassen. Basert på eigne erfaringar veit eg at det kan vera vanskeleg for mosjonslaga å få på plass to damer – som har vore eit  krav for denne klassen tidlegare. Kanskje har «dame-mangel» gjort at enkelte lag ikkje kan stilla, meiner Jørgensen. – Samstundes trur me at gitt den auka aktiviteten på kvinnesida i OIL siste par åra at det er marknad for ein rein dameklasse.

Jørgensen oppmodar alle om å sjå gjennom reglane ein gong til før påmelding.

– Alle klassar spelar no med 4 utespelerar og ein keeper, og troppane vert redusert til 8 – slik det har vore i Aktiv-klasse. Dette kan kanskje ōg gjere det lettare å stable eit lag på beina, vonar Jørgensen

Årets Byggtorget Ribbecup vert spela 26. og 27. desember i Osterøyhallen. Påmelding skjer på e-post innan den 18. desember; john.erik@eple-p.no