Klart for Telenor Xtra Osterøy

– Den første påmeldinga til Telenor Xtra Osterøy er gjort, og me har no gleda av å kunna starta opp med denne fritidsordninga frå hausten av, fortel Vidar Rosnes til osteroyil.no. – I fyrste omgong vert tilbodet gitt måndag, tysdag og torsdag frå klokka 1400-1630.
«Timeplanen» for ordninga vert slik at den fyrste økta kvar dag vert i klubbhuset, der det vert det eit felles måltid samt leksehjelp. I den andre økta legg ein opp til variert fysisk aktivitet, med hovudfokus på fotball. Treningane vert leia av kyndige instruktørar. 
 
– Eg må presisera at sjølv om påmeldingsfristen er ute, så er det framlesi fullt mogleg å melda seg på Telenor Xtra Osterøy. Det vil ōg vera mogleg å melda seg på undervegs i skuleåret, eller for ein kortare periode, til dømes når fotballsesongen er over, slluttar Rosnes.
Om nokon skulle ha spørsmål knytt til dette tilbodet kan de ta kontakt med Vidar Rosnes på tlf 4126 2298 eller vidar_rosnes@hotmail.com