Suksessjentene!
Tirsdag 18. juni møtte jentene Hovding til kamp i Fugledalen. Ein del av jentene hadde hatt aktivitetsdag på skulen samt vore i «badebursdagsbesøk» på førehand, så trenarane var heller skeptiske til kor mykje «guff» det var igjen.
Men som så mange gongar før klarte jentene å imponera både trenarane og publikum!
Jentene starta med god innsats og flotte kombinasjonar, her var det flotte pasningar og god angrepsfotball. Resultata kom etterkvart, mange flotte mål, både i vinkelen og etter flott kombinasjonsspel.
Kampen enda til slutt 10-5 i Osterøy sin favør og dei kan vera strålande fornøgde med vårsesongen, status er 1 tap, 1 uavgjort og resten sigrar etter både serie- og cupspel. Trenarane er veldig fornøgde med utviklinga til spelarane og ser fram til høstsesongen!
Julie
Nora
Victoria har ein plan; «først lurar eg forsvaret»,
….»deretter keeperen»,
.…»og så er det berre å setja ballen i mål!»
Sofie stoppa alle som prøvde å komma igjennom.
Bjørg storspelte i mål.
Mirjam gjer seg ikkje.
Agathe scora sitt første mål!