Dreg igong alternativ skulefritidsordning

– Dette skal bli eit kanonopplegg, slår komande dagleg leiar for Telenor Xtra Osterøy, Vidar Rosnes, fast. – Gjennom dei fantastiske fasilitetane klubben har tilgong på her på Hatland, og eit tett samarbeid med Telenor og Norges Fotballforbund ligg alt til rette for at dette skal bli bra.

Det er utviklingsavdelinga i NFF har ansvaret for å utvikle og gjennomføre innhaldet i Telenor Xtra som skal vera eit heilskapeleg skulefritidstilbod med fotball i fokus, men det vil ōg bli lagt opp til andre aktivitetar.

– Det er viktig at unge gutar og jenter er i dagleg aktivitet, seier Rosnes. – Me vil inn å påvirke borna sin motoriske, mentale og sosiale beredskap i aldersgruppa 9-12 år (4. til 7. klasse). Målet er at borna skal vera aktive og verta best mogleg ut frå kvar einskild sin forutsetning. I tillegg til fotballaktivitetar vil det ōg verta anna form for fysiske aktivitetar som til dømes fjeltturar, bassengaktivitetar med meir.

I tillegg til den fysiske aktiviteten skal det på Telenor Xtra Osterøy setjast fokus på kosthald, pedagogisk kyndig leksehjelp, fair play og trening av sosial dugleik utanfor idrettsbana. Borna skal verta utfordret på samarbeid, sjølvstendighet, ansvar og planlegging.

– No held me på å legge ein kabal med hensyn på bemanning. Me er i dialog med Osterøy vidaregåande skule om å bruke elevar der som assistentar. Eg kjem sjølv til å stå som dagleg leiar og ansvarleg for opplegget, og skal ha med meg i alle fall ein lønna assistent. Eg vil presisere at dette ikkje er eit tilbod basert på friviljug innsats. Det skal vera eit profesjonelt opplegg, og me vil heile tida bli tett fulgt opp av både hovudstyret i idrettslaget og NFF.

– Me håpar på at dette er noko som folk på Osterøy vil respondera bra på. Det er eit viktig steg for klubben vår å ta med hensyn på utvikling av både klubb og spelarar. Det er det viktigaste for oss i samband med dette, sluttar Rosnes

Første år legg Telenor Xtra Osterøy opp til eit tak på 25 påmeldte, og første mann til mølla gjeld her som andre stader. Fulltidspåmeldte vil ha høgst prioritet. For meir informasjon kan ein klikka seg inn på «Telenor Xtra Osterøy» på menyen til venstre.

Aktivitetar

02 mar
03 mar
24 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar