Surt bortetap mot Trio

Trio var aggressive frå start og styrte kampen den første halvtimen. Dei hadde ballen mykje, men utan at dei skapte dei store sjansane. Etterkvart kom Osterøy meir med i kampen, og når ein summerer opp første omgang var det faktisk dei gul/grøne som hadde dei to største sjansane.

I andre omgong var det eit mykje betre Osterøy-lag som kom på bana. No er det Osterøy som styrer kampen, og det er Osterøy som skapar dei store sjansane. Men korkje Thomas Strøm Langeland eller Torbjørn Hovden klarar å setja ballen i mål. Utover i omgongen åpnar kampen seg opp, og det er mykje feilpasningar på begge lag. Men då ein trudde kampen skulle enda med poengdeling, får Trio det som skulle verta sigersmålet. Og som så mange gangar før i år kjem målet etter ein dødball. Osterøy får ikkje klarert ballen, og på tredje forsøket står ein Trio-spelar på ca.10 meter og breisidar ballen imål. Dette vert det einaste målet i kampen.
Det var ein vanskeleg kamp å plukka ut ein dagens ostring i, men Kim Solberg får den utmerkinga denne gongen.

Trio – Osterøy 1-0 (0-0)

Fakta:
0-1. 83.min
 
Laget: 

Mathias Riple, Anders Hatland, Andreas Kollvangsnes, Robert Dyvik, Joachim B. Solberg, Kim Solberg, Jørgen Vevle, Torbjørn Hovden, Sander M.Solberg, Thomas Strøm Langeland, Kristian Tysse (Daniel Bruvik i 30.min)