Hallingcup 2013

Det var ein spent gjeng som reiste på cup til Gol for første gong. Opningskampen var allerede lørdag morgon kl. 09.00 mot arrangørklubben Gol og denne kampen gjekk føre seg på den nyslåtte «bødn». Etter ein litt forsiktig start så tidlig på morgonkvisten, sette jentene turboen på og laga det eine målet etter det andre, kampen enda til slutt 6-2 i vår favør.

No var det tid for litt shopping før 2 tette kampar på ettermiddagen. Kampen mot Hakkadal vart også spelt på «bødn», her var det rein overkjøring med 5-0 i Osterøy sin favør. Etter kampen var det berre å hiva seg i bilane og køyra opp til stadion der Gol venta nok ein gong. Kun 5 minuttars pause på jentene våre. Denne kampen gjekk på kunstgras og vart noko jevnare, men me var nok ein gong det beste laget og vann 2-0.

Fornøgde jenter kunne no ta seg ein velfortent tur på Tropicana, deretter venta grilling og disko.

Søndag kl 11.15 var det klart for siste kamp mot Hakkadal, denne gongen på kunstgraset. Jentene starta litt rolig og det vart mykje stang ut, men når dei først kom i gong, vart det rein overkjøring og det enda med 7-1 siger! I andre omgongen imponerte spelarane med glitrande pasningsspel og angrepsfotball, ein fornøyelse å sjå på!

Ei flott cuphelg på Gol med kjekke jenter, gler oss allereie til neste cup!

Andrea

Mirjam

Margarita

Nora

Maren

Glade jenter og trenarar!

Aktivitetar

02 mar
03 mar
24 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar