Feide Loddefjord av bana

Men det var eit heiltent lag som kom bana. Dei gul/grøne tok kommandoen frå start av, men utan å skapa dei store sjansane. Men midtvegs i omgongen får dei hol på byllen. Jørgen Vevle skårar åøeone med keeper etter eit nydeleg veggspel med Thomas Strøm Langeland. Berre få minutt seinare legg same Vevle på til 2-0. Eit flott angrep ender hos Vevle, som bankar ballen imål frå ca 16. meter. Dette vert også pausereultatet.

Andre omgong fortset som første, med Osterøy som det førande laget. 3-0 er ei perle av det sjeldne. Thomas Strøm Langeland mottar ballen med ryggen mot mål, vender opp og kliner ballen i krysset med venstre foten. Ikkje lenge etter aukar Jørgen Vevle til 4-0 etter ein retur frå keeper. Dei mange tilreisande frå Osterøy kan no slappa av og inkasserer tre poeng trass i at halve andre omgong gjenstår.

Men Osterøy stoppar ikkje der. Debutanten Daniel Bruvik legg på til 5-0 etter ein fin gjennomløping. Jørgen Vevle set inn dagens siste på straffe, og vert dermed firemålsskårar. I siste minutt får Loddefjord sitt trøstemål.

Ein godt gjennomført kamp av Osterøy endar med overlegen 6-1 siger. Jørgen Vevle vart kåra til «Dagens Ostring».
 

Her kan du lesa kva Loddefjord sjølv synes om fredagens førestilling!

Loddefjord – Osterøy 1-6 (0-2)

Laget: Mathias Riple, Sander M. Solberg, Anders Hatland, Robert Dyvik, Stian Aasheim, Kim Solberg, Jørgen Vevle, Joachim B. Solberg, Ørjan Bysheim( Daniel Bruvik i 60.min), Thomas Strøm Langeland (Håvard Forthun i 25.min), Torbjørn Hovden (Martin Dyvik i 15.min)
 
0-1: Jørgen Vevle – 24.min
0-2: Jørgen Vevle – 30.min
0-3: Thomas Strøm Langeland – 59.min
0-4: Jørgen Vevle – 64.min
0-5: Daniel Bruvik – 80.min
0-6; Jørgen Vevle (str) – 89.min
1-6: 90.min

Aktivitetar

Hopp utan tilløp
Haus skule onsdag 27.11.2024 kl. 18.30
16 okt
Valestrandsmarka Rundt
Juleløp torsdag 2. juledag 26. desember kl. 12.00.
16 okt
Valestrandsmarka Rundt
Nyttårsløp tysdag 31. desember kl. 14.00.
16 okt