Snuoperasjon sikra eitt poeng

Bjarg får ei drømmeopning av kampen og skårar allereie etter 3 minuttar.  Osterøy opptrer passive i forsvar og vert ståande å sjå på at Bjarg fossar gjennom og opnar skåringskontoen. Kalldusjen får imidlertid augene opp på heimefavorittane. Osterøy styrer kampen, som i hovudsak utspelar seg på gjestane sin banehalvleik. Diverre får ikkje Osterøy-dominansen noko utteljing. I staden er det Bjarg, som på ein sjeldan visitt, klarar å krangla ballen i mål til 2-0 leiing.

Osterøy fortset i same sporet; kontrollerer spelet, men er ikkje farlege framfor gjestane sitt mål. Bjarg på si side utnyttar sjangsane sine godt og klarar å skåra nok eit mål før dommar Elvik bles for halvspelt.

I pausen tek Tore Børre Torgersen, som hadde sin første kamp på Osterøy-benken saman med Arne Johan Larsen, tak. Dermed er det eit heilt nytt lag som entrar bana i 2. omgang. Og i bresjen går den unge spissen Åshild Hartveit, som til dagleg spelar for J16 laget til Osterøy/Fotlandsvåg. Hartveit tek tak og får bruk for sin løpskapasitet og arbeidsmoral. Etter berre 3 minuttar av omgangen er ho frampå å reduserer til 1-3.

Osterøy er på hugget no. Gnisten er tent og knappe ti minuttar seinare er Hartveit på farten igjen; 2-3. Bjarg kjenner pusten til dei gul/grøne i nakken og Aina Vassdal vil vera med på showet. Diverre endar forsøka til Osterøy-spissen like utanfor. Kvarteret før slutt er det duka for utlikning, og jubel på tribuna. Igjen er det Åshild Hartveit som skårar, og fullfører sitt hat-trick.

Siste kvarteret kjem Bjarg meir med i kampen.  Eit godt Osterøy-forsvar, med Trine N. Teigland i spissen, ryddar unna det som kjem. Bakest har Elin Kleppe i Osterøyburet stengt «butikken». Kampen endar dermed 3-3 etter ein heroisk snuoperasjon, og ein nøgd trenarduo gir velfortent skryt til spelarane etter kampen.

Damene har no spelefri fram til sundag 2. juni. Då tek Nordhordland i mot i Knarvik.

Aktivitetar

02 mar
03 mar
24 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar