Tøff langhelg for Osterøy

Onsdag kveld var det duka for lokaloppgjer på Furubakken mot Valestrand/ Hjellvik. Allereie på oppvarminga starta motgangen, då både Torbjørn Hovden og Martin Hole Hanstvedt måtte kasta inn håndkleet under oppvarminga. Første omgong var kamnspelt med eit lite overtak til dei gul/grøne. Dei klarte å spela seg fram til ein del innlegg, utan at dei store sjansane vart skapet. Andre omgong var ikkje mange minuttane gamal då Osterøy lagar eit kløneta straffespark. Mats Solberg sette ballen sikkert i mål. Ikkje lenge etter aukar Vhfk leiinga til 2- 0. Osterøy gjer nokre grep. Laget kjem høgare i bana, men Vhfk ligg kompakte og nektar Osterøy dei store sjansane. Istadenfor er det heimelaget som punkterer kampen med ei scoring like før slutt. For sikkerthets skuld vert også Øyvind Øvsthus utvist i sluttminuttane. Thomas Strøm Langeland vart kåra til Osterøy sin beste i denne kampen.

Allereie på lørdag var det klart for ny kamp. Denne gongen på heimebane mot Frøya. Forfalla til kampen var mange. Kristian Tysse (ankel) og Martin Hole Hanstvedt (menisk) er begge på lista over langtidsskada. Desse to er nok neppe tilbake før haustsesongen tar til. I tillegg måtte Øyvind Øvsthus sona karantene, medan Kim Solberg og Andreas Kollvangsnes begge var vekkreiste.

Kampen starta forrykande. Torbjørn Hovden sendte Osterøy i leiinga etter 10.minutt. Men dei klarte ikkje å holda på leiinga meir enn i to minutt før Frøya utliknar. Nye to minutter går før Thomas Strøm Langeland sender Osterøy i føringa igjen. Men også denne gongen kjem baklemgsmålet fort. Frøya utliknar etter eit innøvd frisparktrekk. 2-2 heldt seg heilt til pause.

I andre omgong avgjer Frøya kampen dei første 10 minuttane. Osterøy heng ikkje med på notane, og bortelaget scorar to raske mål. Etterkvart gjer Osterøy grep og klarar å løfta seg litt. 10 minutt før slutt vert det tent nytt håp, då Thomas Strøm Langeland scorar sitt andre mål for dagen. Men det vert med dette målet, og Osterøy taper kampen 4-3. Nok ein gong vert Thomas Strøm Langeland kåra til dagens ostring.

No er det heldigvis to veker kampfri før neste runde. Ein pause som må brukast til å stabla skada spelarar på beina. Neste kamp er fredag 24.mai, borte mot Loddefjord.


KAMPFAKTA:

VHFK – Osterøy 3-0 (0-0)

Furubakken

1-0: 48.min
2-0: 55.min
3-0: 88.min

Laget: Mathias Riple, Anders Hatland, Øyvind Øvsthus, Eirik Øvsthus, Robert Dyvik, Kim Solberg, Jørgen Vevle, Joachim B. Solberg, Ørjan Bysheim( Martin Dyvik i 10.minm, Thomas Strøm Langeland, Stian Aasheim( Andreas Kollvangsnes i 25 min.)

Raudt kort: Øyvind Øvsthus
 
 

Osterøy – Frøya 3-4 (2-2)

Osterøy Stadion kunstgras


1-0: Torbjørn Hovden 10.min
1-1: 12.min
2-1: Thomas Strøm Langeland 15.min
2-2: 17.min
2-3: 51.min
2-4: 55.min
3-4: Thomas Strøm Langeland   80.min

Laget: Mathias Riple, Robert Dyvik, Anders Hatland, Eirik Øvsthus, Hans Petter Vevletveit, Jørgen Vevle, Joachim B. Solberg, Torbjørn Hovden( Sander M.Solberg i 55.min), Ørjan Bysheim( Stian Svaasand i 15.min), Thomas Strøm Langeland, Stian Aasheim( Martin Dyvik i 30.min)