Dårleg 2. omgang øydela for Osterøy

Osterøy starta kampen best. Den første halvtimen styrte dei det meste som skjedde på bana, men diverre utan teljande resultat i målprotokollen. Istadenfor er det Odda som skårar på sin første målsjanse i kampen. Målet kjem etter at Martin Hole Hanstvedt er gått av bana for behandling etter ein duell på midtbana. Han etterlater seg rom på midten som ingen av dei offensive midtbanespelarane fell ned i. Når ein i tillegg ikkje maktar å klarerer skikkelig, får Odda meir eller mindre målet servert på sølvfat. Etter dette mister Osterøy initiativet i kampen, og Odda løftar seg høgare i bana. Det vert ingen fleire mål før pause, og Odda kan gå i garderoben med ei noko ufortent leiing.

I starten av 2.omgong er ikkje dei gul/grøne til å kjenna igjen. No er det Odda som styrer det som foregår. Og ti minutter ut i omgongen aukar dei til 0 -2. Målet vekkjer Osterøy litt, og dei klarar å komma inn igjen i kampen. Ca 20 minutt ut i omgongen kjem reduseringa. Torbjørn Hovden får ballen på  20 meter og skrur den elegant forbi keeper og inn i hjørnet. Optimismen varer i underkant av 10 minutter. Oddaspissen vinn ein duell mot Joachim Borge Solberg, og kjem åleine med keeper. Han set ballen mellom beina på utrusande Riple og i mål. Her skulle nok kanskje Borge Solberg hatt eit frispark.

Etter dette mister Osterøylaget litt trua på poeng, og dei skapar lite framover. Istadenfor er det Odda som skårar endå eit mål. Etter ein dødball, etterfulgt av litt klabb og babb, set ein Osterøyspelar ballen i eige mål. Dermed står det 4-1 til Odda, noko som også vert sluttresultatet.

Martin Hole Hanstvedt vart kåra til «Dagens Ostring». Det var godt å sjå at han byrjar å nærma seg storformen.

No er det berre å sjå fram til onsdag. Då er det duka for årets første lokaloppgjer mellom Valestrand/ Hjellvik og Osterøy. Kampen går på Furubakken og startar kl.19.00. Me vonar mange stiller opp og støtter dei gul/grøne i kampen mot storebror på øyne!

Osterøy – Odda 1-4 (0-1)

Laget: Mathias Riple, Anders Hatland, Andreas Kollvangsnes, Joachim B. Solberg, Stian Aasheim (Martin Dyvik i 5. min), Kim Solberg, Martin Hole Hanstvedt, Øyvind Øvsthus, Sander M. Solberg (Ørjan Bysheim i 25. min), Thomas Strøm Langeland,Torbjørn Hovden.
 
0-1: Jørn Veste, 35.min
0-2: Thomas Nilsen, 55.min
1-2: Torbjørn Hovden, 63.min
1-3: Ørjan Børve, 70.min
1-4: Selvmål, 88.min